Test dialektkunnskapen

Fleire testar
Den fyrste testen
Den andre testen
Den tredje testen
Den fjerde testen
Den femte testen
Den sjette testen

Testen er laga av Ulstein Mållag for Vikebladet Vestposten.

Dei rette ordforklaringane er henta frå boka Ord og tradisjon av Peder F. Waage.

Vil du stø arbeidet for nynorsken og dialektane? Meld deg inn i mållaget!

Kva tyder desse lokale uttrykka?

1. Bægje
a) Jage krøtter
b) Eit lite, innhegna markstykke
c) Bøye av, gje seg

2. Afse
a) Halde det gåande på eit vis
b) Bråk og spetakkel
c) Overhendig mykje nedbør

3. Halvebrok
a) Kortbukser som gutungar brukte før dei fekk langbukse, el. «heilbrok»
b) Det same som «løyert» – ein slags bleiehaldar
c) Kvinneunderbukse med splitt (av praktiske omsyn)

4. Hauraka
Overlest
Snauklipt
Rik avling

5. Tyd
Dumrian
Tam
Gjødsel

6. Svåle
Leve i sus og dus
Fugl (det same som «svale»)
Smålyge

7. Nåpe
Geipe/skjere grimasar
Få tak i
Leggje seg nedpå (kvile middag)

8. Kvemse
Svare uhøvisk
Lukte vondt
Gå omkring som i ørske

9. Lagge
Setje saman eit trekjerald med vidjeband
Smiske, snakke etter munnen
Slå med knyttneven – «ej lagga te hånå»

10. Darveise
Sjuskete kjerring
Gå og slenge utan å ha noko å ta seg til
Ramle på hålka