Test dialektkunnskapen

Fleire testar
Den fyrste testen
Den andre testen
Den tredje testen
Den fjerde testen
Den femte testen
Den sjette testen

Testen er laga av Ulstein Mållag for Vikebladet Vestposten.

Dei rette ordforklaringane er henta frå boka Ord og tradisjon av Peder F. Waage.

Vil du stø arbeidet for nynorsken og dialektane? Meld deg inn i mållaget!

Kva tyder desse lokale uttrykka?

1. Trale
a) slite og bale med noko tungt
b) synge gamle stev
c) handkjerre

2. Transjakle
a) øydelegge
b) traske omkring, krangle og lage ufred
c) skifte om på ting, forandre

3. Simete
a) forvirra
b) saktmodig og sein i oppfatninga
c) falsk og lite truande

4. Rutel
a) tettvaksen og kraftig kar
b) trestubbe
c) sengabreidsle

5. Flakkføre
a) gå seg vill
b) i stand til å gå
c) bevege seg på kanten av lova

6. Veiende
a) stolpe som går gjennom meiane og skjækene på ein slede
b) måleeining for tømmer
c) den delen av selen som går langs ryggen og under halen på hesten

7. Ånkåre
a) legdekall
b) synast synd på, ha omsut for
c) ha mykje å stå i med

8. Bigalt
a) vere mykje føre seg
b) ustøtt, vaklevore
c) ukastrert smågris

9. Posje
a) snøkave
b) vadmålstyet før det er stampa
c) jage sauene med hund

10. Paule
a) kare til seg
b) sprute
c) søledam