Ved å melda deg inn stør du arbeidet vårt for nynorsken. Innmeldingsskjema
Heftet Blest tek føre seg nynorsk som marknadsføringsspråk. Det samlar skriveråd, nynorske avløysarar for bokmålsformuleringar, råd om teiknsetjing og anna nyttig. Heftet er til sals frå Ulstein mållag. Ta kontakt på e-post for å kjøpa eit papireksemplar.
Ulstein mållag er eit lokallag i Noregs Mållag.
Me arbeider for å betra vilkåra til nynorsken på alle område av samfunnet og for å få fleire til å ta i bruk nynorsk. Laget har mellom anna laga og delt ut nynorske aktivitetshefte for born og eit hefte om nynorsk marknadsføringsspråk. I tillegg arrangerer me barnebokstunder, forfattarmøte for vaksne og andre tilskipingar, deler ut bokpakkar til barnehagar og mykje anna.
Ta kontakt:
Arild Torvund Olsen (leiar)
arild@nynorsksenteret.no
986 50 123
Oppdatert desember 2023 av Arild Torvund Olsen