10.4.10

Nok er nok

Då ser det endeleg ut til at eg er ferdig med amming. Det har vore ein lang kamp for å kome så langt. Før og etter eg vart mor fekk eg mykje informasjon om korleis (og ikkje minst kvifor) eg skulle amme. Så eg amma som ein helt, gjennom brystbetennelse og alt.

Men etter kvart vart jenta større og det var på tide å slutte, men korleis skulle eg gå fram? Gradvis nedtrapping, kom eg fram til var tingen, livredd for å få ny brystbetennelse. Tre gonger for dag. To gonger for dag. Så berre kveldsamming. Deretter annakvar kveld. Eg kan diverre ikkje seie at dette kom av seg sjølv. Ikkje lett å nekte veslejenta det ho har lyst på. Det har blitt ein del sjokolade i staden. Men onsdag førre veke tenkte eg, nei, no får ho ikkje noko før det verkar i brysta. Og sidan har ho ikkje fått. Det var ein del masing første dagane, men no er det òg slutt.

Litt vondt har eg innimellom. Eg har vore på nippet til å sleppe henne til eit par gonger for å vere sikker på å få tømt brysta, eventuelt sove litt lengre, men har til no vore standhaftig. Redd det er "på han igjen" om ho får.

Haha, no tenkjer eg mannfolka som les dette har ramla av for lenge sidan. Merker at dei kjenner seg utilpass når eg diskuterer slikt :)