Om englar og gentlemenn
Det var ein av desse morgonane eg hadde gjeve opp å få bobledressen på eittåringen. Det hadde vore kav nok å få på body, ullstillongs, to par sokkar, bukse, genser, ulljakke, vintersko, hals og lue. Ytterjakke fekk halde. Me skulle jo trass alt berre bort til bilen og køyre rett til barnehagen. Og i bilen sit jenta under eit raudt fleecepledd.
Eg vassa gjennom snøen med veska over skuldra og den utolmodige jenta under armen. Då eg kom til bilen var låsen frosen. Heldigvis fekk eg låst opp på andre sida, sjølv om den døra var frose fast. Eg klatra bak i baksetet med jenta (ja, me har ikkje bakdører på bilen vår), fekk trykt henne ned i bilsetet og hatt på selen. Så var det ut og moke av bilen og skrape vindauga for is. Gradestokken synte fem kuldegradar.
Når dette var gjort var jenta tydeleg utolmodig. Eg sette meg bak rattet for å køyre. Hurra, eg fekk start på bilen. Men turen vart ikkje lang. Eg køyrde meg rett inn i ei snøfonn. På ny ut og moke snø. Så freista eg å køyre att. Slik heldt eg på med å køyre meg fast i snøen ein liten halvtime. Eittåringen gav tydelege signal om at ho var i ferd med å eksplodere om ikkje noko skjedde. Så eg tok henne ut, medan eg freista fjerne meir snø rundt bilen. Først pakka eg sjølvsagt på henne den store bobledressen. Eg vil jo ikkje at jenta skal fryse. Det er berre det at når ho får dressen på seg greier ho knapt å røre seg ute i all snøen. Ho driv berre og veltar. Og kvar gong ho velta, vart ho berre meir og meir fortvila. Det kom stadig nye hyl frå henne. Den kalde vinden gjorde ikkje saka betre. Eg byrja lure på om eg nokon gong ville få oss av garde til barnehage og jobb denne dagen. Fortvila speida eg etter englar, gentlemen eller andre som kunne hjelpe. Men det var ikkje eit vesen å sjå. Til slutt tok eg jenta under armen att, og gjekk heim att.
På dette tidspunktet heldt både eittåringen og eg på å gå i oppløysing. Då me hadde kome inn døra og fått av oss vinterkleda, ringde det på døra.
– Kom igjen, eg skal hjelpe deg, sa mannen som brått stod utanfor døra mi.
Hjartet mitt gjorde eit hopp. Er det mogleg? Kan han hjelpe meg?
På ny fekk eg pressa på jenta ytterklede, denne gongen fekk ho bobledressen på. Heldigvis greidde eg plassere henne i setet og trykt igjen låsen før ho rakk å protestere.
Eg sette meg bak rattet. Mannen dytta og forklarte korleis eg skulle køyre. Kommunikasjonen måtte gjerast gjennom bildøra eg kunne opne, vindauga var frosne att. På dette tidspunktet stod bilen min på tvers midt i vegen, så ein kan hevde at mannen ikkje hadde anna val enn å hjelpe meg. Men han kunne ha tinga ein bil som taua vekk bilen min og sendt meg rekninga. Eller han kunne ha hjelpt meg ut av vegen, slik at han kom seg forbi. Men at han tok seg tid til å hjelpe meg så mykje at eg kom meg ned på bilvegen og fekk køyrd dit eg skulle, prisar eg meg lukkeleg over.
Om englar finst, veit eg framleis ikkje. Men no veit eg ein ting. Det finst framleis gentlemen. Og det er då noko.