Framandelement
Kroppen har sin eigen måte å seie ifrå om at noko er gale. Eg veit det eigenleg, men det er så lett for å prøve å oversjå signala når dei kjem på uheldige tidspunkt.
Eg kjende at noko var gale då eg tok på meg venstrelinsa. Det var liksom som å få eit rusk på auget. Eg tok linsa ut att og prøvde på ny. Vart ikkje bra, men no måtte eg skunde meg å få eittåringen i barnehagen før det vart for seint til at ho kunne få frukost der. Og så måtte eg på jobb.
Eg tenkte på å stikke bort på ein linsebutikk å kjøpe linseveske og etui, og eg burde ha vore lur nok til å ta med meg briller, sidan eg ikkje ser ein døyt utan linser og briller, men nei...
Medan formannskapet diskuterte flykningrekneskapen vart auget berre verre og verre. Det rann i strie straumer, etter kvart kakka nasa seg på lag med auget. Det rann og rann. Det går sikkert rykte i bygdebyen no om at journalisten sat og grein over flyktningrekneskapen.
Til slutt vart det så gale at eg berre måtte dra heim frå jobb. Då eg såg meg i spegelen på badet var heile venstresida av andletet hovna opp. Augelokket såg ut som ei blemme og det spreidde seg eit raudt utslett nedover kinnet. Linsa ville ikkje ut, hjelpe meg! Heldigvis gjekk det til slutt. Letta var stor, men eg uroa meg for korleis eg skulle kome meg gjennom dagen.
Men no ser det ut til å gå bra. Så fort linsa kom av auget slutta auget og nasa å renne. Og no, ein time etterpå, byrjar eg nesten sjå normal ut.
Neste gong håpar eg at eg tek i mot signal frå kroppen litt tidlegare.

0 Kommentarar:
Legg inn en kommentar
<< Home