19.1.09

Highway to Hell?

For tida er eg heime med dottera mi på snart fem månader. Eg har ikkje tal på kor mange som fortel meg at dette er den beste tida i livet mitt. Denne tida kjem aldri att, seier dei. Kos deg, er rådet. Er det ikkje kjekt å ha fri frå jobb, spør dei, og ventar ikkje noko svar.

På fjernsyn ser eg det skal gå ein serie der kvinnene blir sendt til Syden. Så må mennene ta seg av heimen og borna. Ljodsporet er "Highway to Hell".

Så kva skal eg konkludere med? Eg veit ikkje, men tenkjer at sanninga er ein plass imellom. Og håper at husbonden ikkje får eit helvete når eg skal tilbake i jobb om litt over to månader.

3 Kommentarar:

Blogger Monica skreiv...

For meg var ikkje dette den beste tida, men det kan koma av at eg var åleine med baby. Eg vart rastlaus og kjente meg innestengt,så eg koste meg meir då eg fann ut at eg skulle på skule att. Eit par dagar i veka "ute blant folk" var det som skulle til for at eg skulle trivast heime. ;) (Så dersom eg skulle finna på å formera meg fleire gongar, trur eg at eg ville satsa på tidskonto!)
Forresten, firefox finn ingen rss-mating til sida di. Det er litt synd, for eg skulle gjerne hatt deg i google-lesaren min.

27 januar, 2009 09:47  
Blogger Ingvild Aursøy Måseide skreiv...

Ja, eg er veldig glad me er to om dette. Elles ville eg bli sprø.

02 februar, 2009 11:39  
Blogger Landliv skreiv...

Det er jo en koselig tid, men jeg synes barna trenger mamman sin veldig mye når de blir litt større også jeg da (og pappa) så vi har hatt deltidsstillinger begge to helt siden vi fikk barn for 10 år siden. Har fire vi da.

04 februar, 2009 20:50  

Legg inn en kommentar

<< Home