26.11.08

Idrottsskaden

Så har det altså skjedd. Eg har fått min første idrottsskade. Eg har korkje sprunge maraton, gått fjelltur eller vore på treningsstudio. Eg har fått ei dotter.

Det store rådet frå Helsestasjonen for alt er trilling. Ungen har godt av frisk luft, ho får sove og eg sjølv kjem i form. Så eg har trilla. Og hatt dårleg samvit dei dagane eg ikkje har orka trille oss tur i råk og fok og is.

For nokre veker sidan fekk eg vondt i foten. Eg tenkte først at det var vêromslaga som fekk fram gikta i meg, så eg venta. Men då smertene ikkje gav seg, fekk eg meg time til lege.

Legen vende på foten min, i alle vinklar. – Han er overbelasta, sa ho. Eg fekk melding om å leggje støttebandasje på foten, is på foten i tjue minutt to gonger for dagen, strekkje på han to gonger for dagen og la foten få kvile.

Eg freistar seie til jenta mi på tre månader at me må ta det litt meir med ro, for mamma har vondt i foten og må kvile.
– Brszt, seier ho og ler.

5.11.08

Nattevak

Eg har resignert. Klokka er ti over fire på natta og eg sit på golvet og et svisker frå ein boks. Eg registrerer at nattkjolen min er på vranga. På eit teppe ved sidan av meg ligg den to månader gamle dottera mi under babygymen sin og ler. Har ho fått det som ho vil?

Me har vore vakne i ein og ein halv time. Ho har fått mat. I halvmørkret for å ikkje vakne til. Eg har hjelpt henne å rape og fise, fleire gonger. Ho har fått rein bleie. Ho har gulpa. Og fått meir mat. Men ho søv ikkje. Eg har mata frå båe bryst, i alle stillingar. No får det vere nok. Ho får underhalde seg sjølv litt, ho må no bli trøytt til slutt.

Eg slår på fjernsyn for å sjå kven som blir ny president i USA. Det ser ut til å bli Barack Obama. Dottera mi ropar. Eg spør henne kvifor ho ropar, men ho berre ler til svar. Høyrest ut som ho ropar hei, men ho er vel for ung til det.
Eg kan ikkje klandre henne for at ho ikkje vil sove. Ho har sove sju timar i strekk. Problemet var berre at ho byrja natta halv åtte på kvelden.

Dottera mi ropar slik at eg tek henne opp på fanget. Ho liker godt å sjå fjernsyn, særleg Blomster Finn. Skal tru kva ho får ut av det?

Namnesystera mi på fjernsyn ser nøgd ut. Bjørn Hansen utropar Obama til valets vinnar. Veslejenta pludrar nøgd. Så salutterer ho så kraftig at me må ein tur på badet etter rein bleie.