Syprosjektet
Då kom eg endeleg i mål med syprosjektet mitt. Etter ungdomsskulen har eg knapt sydd på symaskin.
Eg ønskte meg symaskin til 30-årsdagen, tenkte det var noko eg burde ha når eg no vart vaksen. Eg fekk pengar til maskin, men somla til våren før eg kjøpte meg symaskin. Tidlegare i sommar sydde svigermora mi eit fantastisk trekk på maskinen min til korga veslejenta skal liggje når ho kjem. Så var det min tur.
I eit blad fann eg oppskrifta til eit veggteppe med tøylommer til å hengje over stellebordet. Eit sånt ville eg sy! Men oppskrifta skjøna eg ikkje stort av, og sykunnskapane mine er ikkje dei beste. Brukarrettleiinga har eg sjølvsagt rota vekk.
Likevel har eg no kome i mål på eit vis. Her er ingen prydsaum akkurat, men teppet er handlaga og heilt unikt. Det er praktisk og pyntar fint opp på baderomet.


4 Kommentarar:
Tykkjer det ser kjempefint ut, eg! Fine fargar!
Viss du ynskjer å sy meir til barn, kan du finna utruleg mykje fint barne-tøystoff på nettet: www.ladybuttonfabrics.com (gå inn på "children/juvenile"), www.reprodepot.com eller wwww.ciaspalette.com. Den fyrste nettstaden er nok den beste til barnestoff. Utruleg mykje fint! Viss du treng gode oppskrifter, kjøpt eit Burda-blad på Narvesen (med godt utval).
Du må sy meir no!
Tja, eg får sjå kva det neste blir.
Den brune prikken på eine lomma er forresten ei keramikk-katt eg har sydd på.
Koselig teppe!
Takk! Teppet er veldig praktisk i bruk og Mari liker godt å liggje å sjå på det.
Veit ikkje når eg får tid til å sy meir.
Legg inn en kommentar
<< Home