16.7.08

Endringstid

Då har eg og sambuaren byrja på ei forseinka vårreingjering. Slikt har vel andre rundt påsketider eller noko slikt, men me er i gang no, i slutten av juni. Nett no ser det ganske bomba ut heime, men det er for at me er inne i ein prosess. Det skal bli så fint at.

Hyller har blitt skrudd opp, ein ny kommode har kome på plass og i ein krok tronar den nye aviskassa. Dukar blir lagt i skuffer. Bøker, cd-ar og filmar blir sett i hyller og tonnevis av aviser og blad blir kasta ut i papirdunken. I restavfallet hamnar falma juggel frå åttitalet og anna skrot. Hermetikkboksar blir vaska og kasta til gjenvinning, og jaggu blir det ein del plast i plastavfallet òg. Me er i gang med å organisere og rydde tinga våre. Det trengst. Om eit par månader er den vesle familien vår utvida med ein ekstra. Og babyen må få plass. No tek vel strengt teke ikkje ein unge så stor plass, i alle fall ikkje dei første månadene. Men det følgjer så mykje med ein smårolling, både av møblar og anna utstyr.

Det er fascinerande kor mange som er skråsikre på at me får ein gut. Like mange er like skråsikre på at me får ei dotter. Dei ser det på magen min, på beinbygninga til fosteret på ultralydbileta, tolkar det på eiga magekjensle og ikkje veit eg. Dei einaste som ikkje veit det er me som snart skal bli foreldre. Og same kan det vere, eg reknar med at me ser det når ungen kjem ut.

Dei siste månadene har eg berre est ut, og blitt blank i augo kvar gong eg ser babyar på fjernsyn. Her ein sundag såg eg den norske filmen Ungen på fjernsyn, ein film eg blir like rørt av å sjå kvar gong. Eigenleg hadde eg slått ifrå meg å sjå filmen i min tilstand, men eg greidde ikkje la vere. Og tårene trilla verre enn nokon gong. Eg spurde ei veninne om eg kjem til å bli meg sjølv att etter eg har født. Men det trudde ho ikkje. Sjølv greier ho ikkje lenger sjå Dagsrevyen utan å ta til tårene.

No har eg berre knappe to arbeidsveker att, før eg tek ferie og permisjon. Ein del tek det for gjeve at eg blir vekke eit år. Men det har eg ikkje planar om . Ungen har heldigvis ein far som òg har lyst til å vere heime med han, så eg kjem tilbake til våren.

(VVP 24. juni 2008)