14.10.07

Kvar eg kjem ifrå

Eg får av og til spørsmål om kvar eg kjem ifrå. Då svarer eg Trondheim. Det er der eg stort sett voks opp og gjekk på skule.

Men kvifor har eg då sunnmørsbunad? Valde eg bunad berre ut ifrå estetiske omsyn? Nei, far min kjem frå Hareid. Og alle i slekta mi som har bunad, har sunnmørsbunad. Difor er det den bunaden eg har kjensler knytt til. Så då eg skulle ha meg bunad, var det sunnmørsbunaden som var Bunaden.

Korleis blir det då? Er det sånn at eg er halvt sunnmøringen og halvt trønder? Eg tenkte kanskje ei stund slik medan eg budde i Trondheim. Med mor frå vakre Mausundvær utfor Frøya, og med ein far frå Hareid, og fem år av barndomen i Narvik, og første barnehageåret i Oslo, tenkte eg at eg ikkje var skikkeleg trønder. Eg var ikkje store jenta då eg bestemte meg for at eg ikkje skulle seie "bila" slik dei gjer i Trondheim, men "bilen". Bila høyrdest så dumt ut, meinte eg.

Men når eg ikkje bur i Trøndelag, skjønar eg at eg er trønder på min hals. Det oppdaga eg då eg budde i Oslo nokre år i ungdomen. Og det har eg på ny oppdaga etter eg flytta til Ulstein.

Jau då, eg trivst godt på Hareidlandet. Men eg kjenner at eg så absolutt er trønder. For å ta med meg litt av Trøndelag har eg nærast tapetsert eine veggen på kontoret mitt med plakatar frå Trondheim. Heidersplassen har favorittgruppa mi, som diverre har lagt seg sjølve på vaniljeis, Tre Små Kinesere.
Ved sidan av heng ein gamal konsertplakat frå ei anna trondheimsgruppa som òg har løyst seg opp. Nemleg Gåte.
Bortanfor heng der ein plakat frå Trondheim Filmklubb. Og eg har ein liten plakat med eit dikt som eine førelesaren min i Trondheim har skrive.

Medan eg budde i Trondheim kunne eg ikkje fordra Rosenborg. Eg hadde medlemskap i Heia Bortelaget, og heia på alle som RBK spelte mot på Lerkendal.
No som eg bur på Sunnmøre må eg vedgå at det er litt sårt at RBK ligg så langt nede på tabellen. No kan eg til og med bli varm om hjartet når eg høyrer "Vinsjan på kaia" med DDE på radio. For ti år sidan ville eg spydd av mindre.

Samstundes kjenner eg at det er Ulstein som no er heime. Og eg kan bli rørt av å høyre born som syng Ulsteinsongen.
Har eg då ein splitta personlegdom, sidan eg har røter frå ulike stader i landet?
Nei, eg kjenner det meir som eg har fleire bein å stå på.