3.9.07

Mørkemenn

Eg har høyrt at det skal vere så mange mørkemenn på Sunnmøre. Dei kjem fram når kveldane blir mørkare og hauststormane set inn. Her ein kveld såg eg ein. Det vil seie, eg såg han først ikkje. Eg skimta han først når eg kom nærare innpå han. Då såg eg nokre rørsler i mørkret. Jau då, det var ein mørkemann. Det såg eg då eg kom nær nok. Haustmørkret hadde nok kome snikande litt for fort for denne karen.

Han burde ha hatt på seg refleks når han skulle ut og gå. Eg hadde heller ikkje refleks, så eg var sjølv ei mørkedame. Eg vil oppmode alle til å ta på seg refleks så dei blir meir synlege i mørkret.