Om å vere ei god hustru
I sommar skal ei veninne av ei veninne av meg gifte seg. I samband med det planlagde bryllaupet kontakta veninna mi meg. Ho veit at eg har huset fullt av gamle dameblad. Og i slike gamle blad står det mykje rart. No lurte veninna mi på om eg hadde nokre alderdommelege "gode tips til ei husfrue" å sende henne? Tekstane skulle brukast på artig i eit hefte som helsing til den framtidige brura.
Jau då, etter eg kom heim frå jobb las eg gjennom ein del blad for å finne noko passande. I eit nummer av Kvinner og klær frå 1955 fann eg ein test. "Er de en god hustru?" er overskrifta. I ingressen står det at no er tide kome for sjølvransaking. Vidare står det at om ein går i giftetankar, kan ein gjennom å ta denne testen finne ut om ekteskapet er noko for ein eller ikkje. Eg fann ut at denne teksten passa godt til føremålet.
Testen er utstyrt med 21 spørsmål kvinna kan svare ja eller nei på. Svarer ein ja på alle spørsmåla er ein eit overnaturleg vesen, skriv dei i bladet. Svarer ein ja på tjue spørsmål er ein ei idealhustru. Men om ein ikkje kan svare ja på meir enn ti spørsmål, ja då er den klare meldinga at vedkomande burde vore utstyrt med ein plakat der det stod "Dårleg hustru" eller "Uegnet som ektemake."
Første spørsmål er "Er De oppmerksam på at det er kvinna som skaper atmosfære og harmoni i hjemmet?"
Her må eg svare nei. Eg trudde dette var noko eit par burde gjere i fellesskap. Om det berre er kvinner som skaper hygge i heimen, må jammen lesbiske par ha det bra koseleg heime. Og kva med homofile menn som bur i lag? Er det ingen der som skaper atmosfære og harmoni i heimen?
Kan De jenke Dem etter Deres manns sinsstemninger? Lar De ham snakke når han er opplagt til det, og prøver De å stimulere ham, dersom han er nedstemt over noe, er eit anna spørsmål. Eg kan vel ikkje med handa på hjartet svare ja her heller. Eg jenkar meg heller lite etter andre sine sinnsstemningar. Sjølvsagt freistar eg ta omsyn og trøyste om nokon er lei seg. Men ein annan stad i testen kjem det fram at ei kvinne ikkje skal vere i dårleg humør. Eg meiner at båe partane har like stor rett til å vere sure og tverre. Men nokon triveleg heim blir det vel ikkje, om ein skal halde på slik i lengda.
Eg har ikkje talt over kor mange ja eg får i denne testen. Det kan vere det same. Men såpass god i hovudrekning er eg, at eg anar eg korkje blir noko overnaturleg vesen eller ei idealhustru.
Når eg les desse gamle vekeblada slår det meg at eg er glad eg er ung i dag, og ikkje for femti år sidan. Mykje har endra seg. Forventningane til kvinner er litt annleis i dag. Men framleis hender det eg møter på krav og forventningar til kvinner som overraskar meg. Ei anna veninne av meg, busett på Sunnmøre, opplevde nyss at nabokvinnene venta av henne at ho skulle vite at ei kake skal vere 28 centimeter i diameter, for då blir det akkurat 16 kakestykke. Og kakene kvinner tek med i selskap eller til basar skal sjølvsagt vere runde, ikkje firkanta. Eg skriv kvinner, for eg høyrer sjeldan menn blir spurde om slike tenester. Dei får gjerne setje utover stolar i staden. Noko dei gjer på ein halvtime, medan kvinnene pyntar og steller på kakene sine i timevis. Om sambuaren min ein gong baker ei kake og tek med seg, er det ikkje måte på kor imponerte folk blir. Ingen har nokon gong kravd av han at kaka skal ha ein spesiell diameter.