7.6.07

Om sex og vald og slikt på nynorsk

Dei siste dagane har det gått føre seg eit ordskifte i Bergens Tidende om nynorsk er brukande som nyhendespråk. Eit noko merkeleg ordskifte, spør du meg. Nyhende var eit domene eg trudde nynorsken hadde vunne for lenge sidan. Mange lokalaviser bruker nynorsk. På nyhendesendingane på radio og fjernsyn er det ofte nynorsk å høyre. Fleire regionaviser og riksaviser slepp nynorsken til. Men no hevdar altså journalist Anne Viken i Klassekampen at nynorsken ikkje eignar seg som språk når ho skal skrive nyhendestoff i avisa. Sunnfjordjenta meiner bokmål er eit betre språk å uttrykkje seg på. Eit synspunkt politisk redaktør Olav Versto i VG dagen etterpå går ut og stør henne i. Telemarkingen påpeiker at nynorsken i til dømes BT står bra, men i riksmedia meiner han at nynorsk er lite utvikla.
Det er då eg sett nesten set kaffien i vrangstrupen og får lyst til å rope ut: og kva skal til for å utvikle språket, herr Versto? Leggje det på hylla, slik som deg og Viken?

Svaret seier seg sjølv. Språket utviklar ein sjølvsagt ved å ta det i bruk.
Det eg lurer på er kva nyhende journalistar ikkje kan skrive om på nynorsk. Er det vald? Narkotika? Sex? Samfunnsliv? Skular som treng å pussast opp eller byggjast på? Finans?

Ikkje veit eg. Eg trur finansavisene er av dei avisene eg sjeldnast ser nynorsk i, kanskje aldri. Men eg trur ikkje det har noko å gjere med at ein ikkje kan skrive om finans på nynorsk. Utan å blunke har journalistane i Vikebladet Vestposten i alle år skrive om næringslivet rundt her på klingande nynorsk. Det går heilt fint. Sjølv om pressemeldingane diverre ofte er på bokmål.

Noko av utfordringa med å vere journalist er å skrive om ulike tema på ein måte så folk forstår. Me skal gjere stoffet tilgjengeleg for folk som ikkje har faginnsikt i området. Noko av jobben vår er å skrelle vekk byråkratispråk og tunge fagord. Eg tenkjer som så at kan eit tema snakkast om på trøndersk, som er dialekten min, kan det vel skrivast om på nynorsk. Nynorsk er som kjent skriftspråket som er bygd på dei norske dialektane.

Sunnfjordsjenta Anne Viken klagar over at nynorsken ligg for langt i frå talemålet hennar, difor skriv ho bokmål. No har eg aldri høyrt Anne Viken snakke, men eg tviler sterkt på at ho snakkar bokmål. Anna folk eg kjenner frå Sunnfjord gjer i alle fall ikkje det. Noko seier meg at Viken stiller andre krav til nynorsk enn til bokmål. Krav som er vanskelege å oppfylle. Eit skriftspråk som tek mål av seg å vere fellesnemnar for dialektane, kan ikkje samsvare med ein dialekt. Derimot kan det vera eit steike godt nyhendespråk.

(Vikebladet Vestposten 5. juni 2007)