24.1.07

Så kom vinteren!

Og så kom vinteren. Endeleg kom den fine kalde tida med kvitt på bakken som lyser opp i kvardagen. I månadsvis har eg venta på dette. Det vil seie, det var snø i ein dag før det siste snøfallet. Heilt i byrjinga av november, medan eg ikkje hadde skift til dei gode piggdekka mine. Sjølvsagt måtte eg på eit oppdrag på Leikongeidet nett den dagen. Gravinga til gokartbanen tok til nett då, så det var berre å hive seg i bilen. Men med pågangsmot, stålvilje og haik siste biten gjekk det bra.

Etter denne episoden fekk eg på piggdekka, men så vart det òg slutt på vinteren. Dag etter dag regna det. Veke etter veke. Månad etter månad. Det berre bøtta ned. Støtt og stadig tikka det inn meldingar på mobilen min om at kraftverket set ned prisen på straum. Ein kveld fekk eg faktisk heile tre slike meldingar, men då synte det seg at det hadde skjedd ein feil.

Og etter kvart som tida har gått, og regnet har sila ned, har eg berre blitt surare og surare. For sjølv om eg ikkje går på ski har eg sakna snø og is. Det høyrer liksom vinteren til. No må det snart ta slutt på dette regnet, har eg tenkt i mitt stille sinn og sjekka vêrmeldinga tre gonger for dagen. Men eg har freista halde det mest mogleg for meg sjølv. For var det noko eg nesten var meir lei av enn regnet, så var å høyre på sytinga over alt regnet.

Berre det blir desember, kjem nok snøen, trøysta eg meg med. Men desember kom og like vått og mørkt var det ute. Berre jula kjem, då må det no kome snø, var neste trøysta. Men nei. Eg reiste på juleferie i regn og hauststorm. Og då eg kom heim att til Sunnmøre i romjula, stridregna her som alltid. Litt hjelpte det likevel at det var same elendet i Trøndelag.

Men så, endeleg, eit godt stykke ut i januar, kom snøen. Det har snødd fleire gonger. Og denne gongen har det vore kaldt nok til at det har lagt seg noko kvitt på bakken. Rett nok er det for lite snø til å lage snømann, men eg møter støtt og stadig på ungane i nabolaget med akebrett. Dei renner seg akkurat der eg skal køyre bil, så det er berre å køyre forsiktig.

Eg og sambuaren min har funne oss eit noko forseinka nyårsforsett. Me skal bli flinkare til å kome oss ut og røre på oss. Ein halv time for dag, sa Jorunn Sundgot-Borgen at ein skal gå. Me har blingsa oss ut to dagar i veka som skal vere turdagar. Då skal me ut, uansett vêr. Til no har det ikkje blitt så mange turar. Det kjem heile tida noko i vegen. Dessutan er det iskaldt ute, og alt for glatt til å fote seg. Men no som eg endeleg har fått vinteren min, kan eg vel ikkje klage. Det er i alle fall veldig fint å sitje inne og sjå på snøen.

Vikebladet Vestposten 23. januar 2007)

6.1.07

Innimellom får eg høyre påstandar om at norsk språk vil døy ut. Eller at nynorsken er i ferd med å forsvinne. Språket skal vere under hardt press frå engelsk, vert det hevda. I vår eiga avis ser eg lokale klesbutikkar som reklamerer med at dei har «sale». Andre har «salg». Kvifor det nynorske ordet «sal» ikkje er godt nok for å uttrykkje at dei sel varene sine billegare enn elles veit eg ikkje.

Når folk i Noreg skal sende post til kvarandre elektronisk, seier mange at dei skal sende ein «mail», sjølv om me har fått norske ord for dette for lenge sidan.
Den siste tida er det eit ord i det norske språket som har fått mykje merksemd, nemleg ordet neger. Faren til Pippi Langstrømpe er ikkje lenger negerkonge, men sydhavskonge. Og songen om vesle hottentotten Hoa kan verte teken ut av songboka Kaptein Sorte Bill, skriven av vår alles kjære Torbjørn Egner. Bakgrunnen for dette er å ikkje støyte folk. Mørkhuda innvandrarar skal kjenne seg diskriminerte av ord som neger. Slikt set sinna i kok hjå ein del nordmenn. Dei vil ha seg fråbedne at folk utanfrå utarmar språket vårt, vert det argumentert.

På eit vis har eg sans for den argumentasjonen. Det er nordmenn som skal bestemme over det norske språket, på same vis som det er vårt ansvar å ta vare på det norske språket og føre det vidare. Men samstundes liker eg ikkje å føre vidare ord og nemningar folk kjenner seg støytte over. Om ingen svarte vil kallast neger ser eg ingen grunn til dette er eit ord det er verd å ta vare på. På same vis som ordet blåmann ikkje lenger vert nytta på norsk som skildring av mørkhuda folk, kan me òg greie oss fint utan det importerte ordet neger.

Det er brukarane av eit språk som til ei kvar tid styrer utviklinga av språket. Det er ikkje språkrådsdirektør Sylfest Lomheim. Ord me ikkje vil ha i språket vårt kan me kutte ut, og ord me vil føre vidare kan me bruke. Og ord som vert brukte døyr ikkje. Eg er lei av å lese spådommar om undergangen til det norsk språket. Folk får heller ta ansvar for språket og bruke det. Språkutvikling er ikkje noko som berre hender, det er folk sjølve som styrer utviklinga. Kvar gong du skriv noko, vel du om du vil skriva nynorsk, engelsk, bokmål, tysk eller gresk. Eg trur det er eit større problem for norsk språk at folk er redde for å bruke norske ord i redsel for å verte stempla for «for nynorske» eller «for gamaldagse», enn at folk kuttar ordet neger for at dei ikkje vil såre andre menneske.

(Vikebladet Vestposten 4. januar 2007)