Spiring
Då er eg klar til å møte våren. I helga fekk eg endeleg lagt om til sommardekk på bilen, og vinterskoa er pakka vekk. Jau då, eg veit at langtidsvarselet melder striregn så langt auget rekk, men det får så vere. Det er i alle fall slutt på vinter og snø.
Graset er grønt, kvitveisen står på bordet og kveldane er lyse.
I helga sådde eg til og med nokre frø. Om alt går etter planen har eg forgløymmegei og jordbærplantar i vindauget om nokre veker. Mor mi hadde kjøpt med nokre slike ein-to-tre pakkar til meg frå USA. Frå før lagar eg slike kaker det berre er å blande ut med olje og vatn. Dei smaker framifrå. No har eg altså prøvd å plante på dette viset. Det var med oppskrift og alt eg trong. Ein liten blekkboks inneheldt det eg trong for å plante forgløymmegei. Jordbærsettet var i ei lita brun potte til å hengje i vindauget. Ho var på storleik med eit lite yoghurt-beger. Til jordbærfrøa var det med noko som såg ut som to brune tablettar. Til blomefrøa var det med ein større brun klump. Når desse fekk godgjere seg i vatn, vart det til jord. På eit mystisk vis este klumpane ut og vart til rikeleg med jord eg kunne putte frøa i.
No ventar eg i spaning på om det kjem opp noko. Eg må innrømme at eg er litt skeptisk. Plantar har det med å døy heime hjå meg. Innimellom kjøper eg blomar for å pynte opp, men etter nokre veker står det berre att nokre stusslege pinnar i krukka. Julestjernene døyr fleire veker før jul. Eg har prøvd planter som andre tipsar meg om at er enkle å få til, men eg greier alltids å kverke dei. Eg har prøvd med lite vatn, og eg har prøvd med mykje vatn. Nei då. Utakknemlege beist der dei står, visnar gjer dei uansett.
Men eg kan jo ikkje gje opp heller. Plastikkblomar freistar lite. Eine staden eg budde i Trondheim fekk eg faktisk til å plante utandørs. Det må ha vore noko magisk i jorda der. For der grodde og treivst mest alt eg planta så godt. Potteroser som berre døydde innandørs fekk nye skot når dei kom i jorda utanfor og rododendronen me planta vart tre gonger så stor. Det var ei herleg kjensle. Skal sjå underet skjer på ny, og at det etter kvart byrjar spire borti pottene i stovevindauget mitt.
(teksten stod på trykk i Vikebladet Vestposten i byrjinga av mai)

0 Kommentarar:
Legg inn en kommentar
<< Home