Då er det berre ti dagar att til den store julekvelden. Jula snik seg innpå oss. Ute er det lite som minner om Jul i Svingen, men i ein tekst av Odd Nordstoga heiter det at jula kjem anten det regnar eller snør. Så då gjer ho vel det.
Denne hausten har eg meldt meg inn i ein ny bokklubb. No er eg medlem i fire bokklubbar. Det er sjeldan eg kjøper bøker frå dei, eg berre avbestiller. Det vert ein god del bøker å avbestille i året. Eg liker best å plukke ut bøker sjølv som eg skal lese. Eg høyrer til dei få som ikkje har teke seg bryet med å lese DaVinci-koden, men las Olaug Nilssen lenge før ho vart kåra til årets førebilete i Det Nye. Nokre vil kanskje kalle meg snobbete. Men ein del av meg tenkjer at eg ikkje treng lese bøker som andre les. Dei har på ein måte nok lesarar. Så kan eg lese andre bøker. Dei fortener òg litt merksemd.
Så kvifor melder eg meg då inn i bokklubbar som baserer seg på bestseljarar, når eg liker best å plukke ut bøkene mine sjølv? Jau, for at bokklubbane har så fine premiar til nye medlemer. For ikkje å snakke om vervepremiane. Siste bokklubben eg melde meg inn i var for at eg då skulle få ein radio til badet. Dessutan skulle eg få meg eit nytt armbandsur. Det passa meg bra. Bøkene dei lokka med høyrdest ikkje freistande ut i det heile, men kva gjorde det så lenge eg skulle få meg ny radio og armbandsur.
Eg er veldig glad i å høyre på radio. Eg har alt ein radio på badet, men det er den gamle kassettspelaren min som ikkje er konstruert for å vere på eit bad. Når eg har dusja vert lufta for fuktig for radioen, så det vert berre skurringa. Dette har lenge irritert meg, så ein spesiell baderadio ville eg gjerne ha.
Dessutan trong eg òg eit nytt armbandsur. Nyleg hadde eg øydelagt klokka mi. Så eg slo til.
Det gjekk fleire veker utan at noko skjedde. Ein dag ramla det ned ein lapp i postkassa mi frå bokklubben. På han stod det berre at eg må vere snill å hente pakken på postkontoret når dei sender han ut til meg. Det gjekk endå fleire veker før eg fekk hentelapp frå posten. Endeleg, no kjem radioen min, tenkte eg. Men nei. Eg fekk berre tre idiotiske bøker.
Eg fortalde dette til ei veninne av meg. Ho lo av at eg hadde gått med på å melde meg inn i denne dumme bokklubben. Men etter nokre veker tok ho kontakt på ny. Då hadde ho sjølv meld seg inn. Radio på badet høyrdest forlokkande ut.
Etter nokre veker til med venting kom armbandsuret. Klokka er stor og kvit med mykje strass. Eg går med henne i mangel av noko alternativ. Sambuaren min himlar med augo av henne. Så kom radioen. Ein kvit plastdings forma som ei stjerne. Han ser litt tøff ut, men eg får ikkje inn ein einaste radiokanal på han. Veninna mi har ikkje lite nok skrujarn til å få opna han og setje i batteri. Me har fleipa med å stille opp og vere betutta på fjernsyn i eit av desse forbrukarmagasina, men kom fram til at eg heller kunne skrive om det i denne spalta i staden.
No ynskjer eg meg nytt armbandsur til jul.
(Vikebladet Vestposten 14. 12. 2006)