27.11.06

Ventetid

Det er mindre enn ein månad til julaftan. Det er rart å tenkje på. Det er ikkje mykje som minner om jul. Ute er det plussgradar, av og til er temperaturen til og med tosifra. Snø ser me lite til. Han var der berre nokre dagar før eg hadde fått skift til vinterdekk. Men no når eg er godt skodd med piggar, er det lite som minner om snø og is.

I dét eg skriv desse orda slår det meg at eg ikkje bør skrive dei. Slike verskildringar frå meg går ofte gale. Eg har bomma totalt fleire gonger. Eg har skrive om våren som har kome, og då kom det eit nytt snøfall. Og eg har skrive om hausten som kom, og då kom det sol og varme. Men det får så vere.
Om eg held meg til vermeldingane til NRK er det meldt fleire plussgradar i lang tid frametter.

Eg kan bomme på spådommar om vêret, men kalenderen har klar tale. Det vert stadig færre og færre dagar til jul, og med det snik julestrida seg innpå oss. Mykje skal gjerast før den store dagen kjem og roa kan senke seg. Gåver skal kjøpast, det skal vaskast og bakast.

Sjølv plar eg utsetje førjulstida. Når handelsstanden finn fram julepynten og lagar jul i butikkane i oktober, synest eg det er for tidleg. Heller ikkje kjøper eg julemarsipanen til Nidar når han kjem i midten av oktober, sjølv eg om liker marsipanen best fersk. Utover i november kjem julebrus, pinnekjøt og anna julegodt i butikkhyllene. Men eg er standhaftig og går rett forbi. Ein skal ikkje «bruke opp» jula før ho kjem.

Samstundes liker eg adventstida. Det er kjekt med ei oppfinning som lyser opp denne mørke og keisame tida. Det er noko triveleg med denne ventetida. Ein viktig del av jula er å vente på henne. Tida skal fyllast med lystenning, synging, julekortlaging/-skriving og ymse anna kjekt. Poenget mitt er berre at ho ikkje må byrje for tidleg.

For meg startar advent første sundag i advent eller første desember, med adventskalenderen. Kvart år vel eg ut den datoen som kjem først. Då er det greitt å byrje førebuingane til jul, og å smake på julebrusen. Men julemiddagen er framleis såpass heilag at eg et minst mogleg av han før julaftan. Litt synd eigenleg, at me et den fantastisk gode maten så sjeldan.

Men i år har noko slått meg. Me vert snytt for ei veke advent. På grunn av at julaftan i år landar på ein sundag, vert fjerde sundag i advent samanfallande med julaftan, og slik kjem første sundag i advent ekstra seint.

Det er kanskje difor eg sist helg gjorde eit unntak då eg var i Trondheim. For meg er det julebrusen til EC Dahls som er den ekte julebrusen. Og denne brusen finn eg ikkje i matvarebutikkane på Sunnmøre. Eg vurderte å ta med meg slik brus hit, men gadd ikkje på grunn av dei nye terrorreglane på flyet. I staden smakte eg på brusen i Trondheim. Og i år som tidlegare år smakte han herleg.

(Vikebladet Vestposten 28. november 2006)

9.11.06

Livet utan bil

- Det er svart november. Havet knuse mot strand, syng Vamp. Dei kan få sagt det. Sist veke knuste ei stor båre frontruta på ein bil som stod på dekk på ferja mellom Eiksund og Rjånes. Og me er fleire som har hatt bilproblem.

Denne veka har eg vore utan bil. Tidlegare i haust bulka eg bilen min. Ingen personar kom til skade, som det heiter i avisspråket, men bilen min fekk materielle skadar. Difor måtte han på verkstad. Mannen på verkstaden sa at det ville ta to-tre dagar å få retta ut bulken og lakka han opp. I hovudet mitt er det lenge. Eg er så avhengig av bilen at eg utsette til det lengste å sende han frå meg på verkstad. Men til slutt vart eg lei av masinga frå min betre halvdel og innsåg at det berre måtte gjerast. Eg laga ein avtale med verkstaden om at i veke 45 skulle det gjerast. Så måndag morgon leverte eg inn bilen før eg drog på jobb.

Sjølvsagt regnar, haglar og blæs det som aldri før denne veka. Myrkt er det òg når eg skal til eller frå jobb. Ein kan seie mykje fint om livet i Ulsteinbyen, men kollektivtrafikken er ikkje mykje å skryte av. Nei, då er det stort sett berre å ta beina fatt. Eg trøystar meg med at eg får god utteljing på stegteljaren min.

Då eg gjekk heim frå jobb tysdag regna og hagla det slik at eg var kliss våt før eg var komen halvvegs. Det fyrste eg gjorde då eg kom inn døra heime var å vrengje av meg kleda. Tærne var farga kolsvarte etter skoa mine. Ganske fascinerande, eigenleg. Det tok fleire timar før eg fekk opp varmen i låra att.

Men livet utan bil er ikkje berre negativt. Her ein ettermiddag måtte eg rykkje ut på eit oppdrag på Høddvoll. Vêret var ufyseleg og det var kort tid til daulina, så eg laut ta drosje. Drosjesjåføren som køyrde meg oppover hadde ikkje tid til å vente på meg medan eg tok bilete av André Nevstad, så han sende oppover ein ny bil. Til mi store lukke var det ein trønder bak rattet. Ikkje ta det ille opp sunnmøringar. Eg har ikkje noko imot dykk. Faktisk tykkjer eg sjølv at eg går godt i lag med sunnmøringar, men det er noko eige når eg møter trønderar. Det er liksom så få av oss i Ulstein og Hareid. Difor vert eg så varm rundt hjartet når eg får høyre dialekten min. Det er nesten så episoden gjorde det verd å ha bilen på verkstad, sjølv i svartaste novemberruskevêret.

(Vikebladet Vestposten 9. november 2006)

Solsida

Eg vil oppmode alle til å skrive seg på det fantastiske oppropet til Studentmållaget i Nidaros. Dei vil at Solsiden skal skifte namn til Solsida.

http://org.ntnu.no/smin/Opprop/