27.10.06

Stegteljaren min

Denne hausten har eg hive meg på ein trend som går over heile landet. Eg har fått meg stegteljar. Den vesle dingsen eg festar ved bukselomma skal telje kor mange steg eg tek. Eg har fått fortald at ein bør gå 10 000 steg for dagen for å halde meg i form. Og halde seg i form bør ein. Det reduserer sjansane for å få hjarte- og karsjukdomar, diabetes, kreft og høgt blodtrykk. Det vert sagt at ein meistrar stress betre, får betre nattesømn og mindre muskel- og skjelettplager. Dessutan skal ein verte i betre humør! Dette er faktorar det er vanskeleg å argumentere imot.

Diverre har eg aldri vore noko glad i å trene. Eg har ikkje tal på kor mange artiklar eg har lese i vekeblad for å få opp treningsgløden, men det vert med lesinga. Sjølv om manglande trening har vore kjelde til dårleg samvit innimellom, har det dårlege samvitet likevel sjeldan vore stort nok til at eg har gjort noko med det. Eg har orsaka meg med at eg er flink til å gå. For det har eg trudd. Difor plar beina mine vere utrusta med gode sko, stiletthælar er ikkje noko for meg. Eg liker å setje andre folk i bås og tenkje at medan dei køyrer bilen sin frå dør til dør, er ikkje eg redd for å gå.

Men stegteljaren min avslører meg. Eg har oppdaga at eg ikkje går så mykje som eg liker å tru. Nokre dagar når eg kjem frå frå jobb har eg berre gått rundt 3000 steg. Då får eg mykje å ta att på kveldstid. Men fyrst må eg lage meg middag. Og så er det nyhende. Og så må eg gjerne setje på ein klesvask og ta ein telefon. Og sånn går no dagane. Dessutan er det for mørkt ute på kveldane til å gå tur. I alle fall aleine.

Ofte gløymer eg å ta stegteljaren min på meg. Sånn vert målingane mine litt sporadiske. Men eg trur eg ofte endar på rundt 4000 når eg legg meg. Ein tabell slår fast at eg med det har hatt ein svært inaktiv dag.

Stegteljaren min har vorte ei spire til dårleg samvit. Eg ser at på nok eit område strekk eg ikkje til. Ikkje et eg fem om dagen, og ikkje går eg nok. Men eg har funne ut at mange av stega mine ikkje vert registrerte. Som dei stega eg tek om morgonen. Ofte når eg kjem på jobb har stegteljaren berre registrert at eg har gått 30 steg. Eg veit at eg har gått meir. På internett les eg at om eg opplever at stegteljaren registrerer få av stega mine kan det skuldast at eg har ein litt svevande gange. Rådet eg får er å gå meir bestemt. Andre har fortald meg at om eg går for få steg i gangen, vert dei ikkje registrerte. Ergo må eg leggje om måten eg går på. Skal eg til dømes hente meg noko på kjøkkenet bør eg ta meg ein sving innom eit anna rom med det same, medan eg trampar, for å få utslag på teljaren. Det er jammen mykje ein må passe på.

Her ein kveld då eg la meg synte stegteljaren min 9170 steg. Då sovna eg med godt samvit.

(Vikebladet Vestposten 24. oktober 2006)

8.10.06

Når sølvtøyet blenkjer

No er det definitivt haust. No er det ingen veg attende. I september kunne me innimellom lure på om sommaren kom attende, men no er det ikkje meir å lure på. Det er berre å finne fram varme og regntette kle.

Skal eg vere ærleg synest eg det er litt godt. Hausten kjem som ei slags forløysing der det vert lov å senke skuldrane att. Når det er sommar er det forventa at ein skal vere ute og verte brun. Men når hausten kjem kan ein krype opp i sofaen med eit ullteppe, noko godt og varmt i kruset, og sjå film eller lese bok. Det passar meg godt.

Med hausten kjem òg budjetta. I morgon legg regjeringa fram sitt framlegg til statsbudsjett. Og etter kvart skal kommunane og fylka forhandle seg fram til budsjett for neste år. Kolonnar med tal, side opp og side ned. Ikkje berre lett å henge med for oss utan økonomiutdanning.

- Når politikeran har lagt fram budsjettan, da e det opp te folket. Men når folket sitt hjæm å pusse sølvskeian. Da får budsjettan vær i fred. Og sølvtøyet det blinke, song trondheimsgruppa Tre små kinesere for nokre år sidan.

Eg trur nok det er mykje sølvtøy som blenkjer i regionen og resten av landet for tida. Arbeidsløysa er låg, optimismen rår og og folk handlar som aldri før.

- Vi si vi e fornøyd med det. Hm! Lægg lokket på og trække ned. Hm! Vi si vi e fornøyd med det. Men vi veit det e itj sant, held songen til favorittgruppa mi fram.

Om ein ikkje er nøgd bør ein seie i frå. Mi røynsle er at det er liten vits i å berre høyre på politikarane når det er valkamp. Då lovar alle gull og grøne skogar. Og vel så det. Det er kva dei folkevalde gjer mellom vala som tel . Difor bør me som vel dei fylgje med på dei vala politikarane tek . Det er korleis dei handterer ressursane som tel, ikkje fagre løfte.

Og her kjem budsjetta inn. Eg synest det er synd at ikkje fleire hiv seg med og diskuterer budsjetta. Desse budsjetta handlar om korleis me skal nytte felles verdiar. For statsbudsjetta handlar ikkje om regjeringa eller stortinget sine pengar, det handlar om fellesressursane våre. Fylkesbudsjettet handlar om innbyggjarane i fylket. Og eit kommunebudsjett handlar om kommuneinnbyggjarane sine pengar. Nokre er glade i å snakke om skattebetalarane sine pengar, men dette er ikkje berre dei som betaler skatt sine pengar.

Felles for budsjettforhandligane er at det handlar om ein sum med pengar som skal fordelast til ulike føremål. Budsjettetforhandlingar handlar såleis ikkje berre om tal, det handlar om kva samfunn me vil ha. Det handlar om kva me meiner det er verdt å bruke pengar på.

Diverre er ikkje pengesekken uendeleg stor, korkje hjå staten fylka eller kommunanen. Det kan vere tøft å vere politikar å velje kva ein skal bruke pengar på. Noko må veljast vekk. Kva det skal vere kan det vere delte meiningar om.

God budsjetthaust!

(Vikebladet Vestposten 5. oktober 2006)