6.9.06

Pengar

Eg forstår meg ikkje på pengar. Pengar har ingen verdi i seg sjølv. Ein kan ikkje ete pengar. Ikkje kan ein byggje hus av pengar. Om pengane er av papir kan ein tenne seg eit bål og slik varme seg på dei, men det er det få som gjer.

Pengane får verdi ved at me kan bytte dei inn i varer me treng. No er det gode tider, vert det hevda. Arbeidsløysa er låg. Dei lokale verfta har ordrebøkene fulle. Industrien går så det susar. Investorane investerer i nye bygg til bustader og forretningar. I dei nye lokala skal der inn nye butikkar. Skal det gå godt med dei nye butikkane som etablerer seg, må kundane strøyme til å bruke pengar. Og kundane er oss alle. - Alle er me forbrukarar, og såleis potensielle kundar, sa ein forretningsmann til meg her ein dag.

Og folk forbrukar som aldri før. Nyleg såg eg på Dagsrevyen eit innslag om kor høge lån folk tek opp. Bustader vert selde til fleire hundre tusen kroner over takst. Folk kjøper dyrare og flottare bilar enn på lenge. Porschane og BMW-ane går unna. Motane og trendane skifter, og då må både kjøkken og folk pussast opp. Samstundes som det vert eit auka fokus på å finne seg sjølv, skal me konsumere og bytte ut tinga rundt oss. Dette tek folk seg opp lån til. Redsla for å gå på ein gjeldssmell er minimal.

- Pengar betyr ingenting, høyrer eg sume tider folk hevde. Merkeleg nok er dette gjerne frå folk som sit godt i det.

Førre veke var eg på eit orienteringsmøte om ei eventuell nedlegging av Eiksund skule. Forutan dei pedagogiske argumenta som vert nytta, er eit viktig moment i det heile at kommunen vil spare ein million kroner dersom dei legg ned skulen. Pengar kommunen sårt kan trenge til andre gode føremål. Då slo det meg. Ein million er ikkje meir enn ein Porsche kostar.

(Vikebladet Vestposten 5. september 2006)