23.7.06

Pass

Sidan sist har eg skaffa meg nytt pass. Eg måtte det, for eg skal ut og reise i sommar. Problemet med å skaffe seg pass, er å ta eit brukbart bilete. Eg misliker sterkt å bli teke bilete av. Eit eller anna merkeleg hender med meg framom kamera. Eg skjer nokre merkelege grimasar og ser verkeleg mistilpass ut. Ekstra ille er det i fotoautomatar. Då ser eg spegelbilete av meg sjølv, og vert sitjande å tenkje at eg har verdas lengste andlet og skeivaste munn. Eg freistar vri smilet så det ikkje skal verte skeivt, men det vert det berre skeivt andre vegen.

Tre dagar brukte eg på å ta bilete. Fyrste forsøk var i fotoautomaten på Blåhuset. Eg måtte ha femti kroner i smått. I automaten hang det reglar for korleis eg måtte oppføre meg for å få eit bilete som var godkjent for pass. Eg kunne ikkje vise tenner. Eg måtte sjå rett fram. Og litt av skulderpartiet skulle visast. Eg gjorde som best eg kunne. Prøvde med og utan smil. Eg valde svart-kvitt, sånn at eg ikkje skulle verte grøn i andletet. Ein-to-tre-fire blink. På ein skjerm kom det opp fire bilete av meg der det såg ut som eg hadde rømt frå ein eller annan anstalt. Heldigvis fekk eg nytt forsøk. Ein-to-tre-fire blink. Eg såg omtrent like ille ut denne gongen òg. Ikkje fekk eg med noko av skuldrene, heller. Men no var det ikkje fleire forsøk, så eg måtte berre velje eit bilete. Eg venta med å gå til politiet.

Utpå kvelden synte eg sambuaren min passbileta. Han hevda at han knapt kjende meg att på dei. - Kva i alle dagar er det du gjer? Du er jo ikkje lik deg i det heile, utbraut han.
Neste dag troppa eg opp på ny i fotoboksen. Det same skjedde som dagen før. Bileta vart ikkje brukande til noko som helst. Dessutan fekk eg greie på at bileta må vere i fargar når ein skal ha pass.

Tredje dagen gjekk eg til fotograf. No måtte eg sjå til å få teke dette biletet, så eg kunne gå til politiet og bestille meg pass. Bileta hjå fotografen vart noko betre, her var i alle fall skuldrene med, eg såg rett fram og hadde att munnen. Eg gjekk sporenstreks til politiet. No skulle eg ordne meg pass. Det gjekk greitt hjå politiet, eg svarte på alt dei spurte om – og leverte frå meg biletet.

Passet skulle kome i posten ein gong før det var gått 14 dagar.

Måndag kom passet. Eg skunda meg å bla opp til biletet. Biletet var omgjort til svart-kvitt og hadde så dårleg trykk at munnen eg hadde strevd så lenge med å få rett, ikkje var synleg.
(frå 15. juni 2006)