6.6.06

Hipp hurra for Noregs Mållag!

Mange med meg såg sikkert prateprogrammet til Fredrik Skavlan sist fredag. Son vanleg hadde han mange tema og gjester han vil ha med i programmet sitt. Nye folk kjem inn, medan andre andre vert sendte ut att, nesten før dei har fått sagt noko vettugt. Eit av temaa som vart teke opp sist fredag var hundreårsjubileet til Noregs Mållag. Inn kom tre nye gjester, to kvinner og ein mann. Ingen av dei hadde noko med mållaget å gjere. Rett nok skriv Hilde Sandvik og Ragnfrid Trohaug nynorsk, men det er det mange som gjer. Per Egil Hegge frå Aftenposten var òg der. Diverre snakka ingen av dei om mållaget og kva dei hadde fått til. Hegge fekk spørsmål av programleiaren om kvifor han snakkar som han gjer. Mannen er trønder, men det er ikkje lett å høyre. Då fortalde Hegge at då han kom til Oslo for 45 år sidan, var det ein del folk som ikkje skjøna kva han sa. Difor la han vekk trønderdialekten sin, og gjekk over til bokmål. Eg har høyrt mange liknande historier. No levde ikkje eg for 45 år sidan, så eg veit ikkje kor mykje av dette som stemmer, eller om det er overdrive. I dag er det vanskeleg å skjøne at det verkeleg var så ille. For meg har det heile tida vore sjølvsagt å snakke dialekt. Dei åra eg budde i Oslo hende det eg møtte på folk som såg på språket mitt som litt eksotisk og vanskeleg å forstå. Men eg hadde språkleg sjølvtillit til å tenkje at det ikkje var meg det var noko gale med. Tvert i mot tenkte eg at dei kunne ha godt av å høyre andre dialektar enn sin eigen. Fyrste gongen ein høyrer ein dialekt, kan han vere vanskeleg å forstå. Men etter kvart som ein vert van med å høyre dialekten, så vert han ikkje så vanskeleg å skjøne. No forstår eg både sogningar og rogalendingar. Eg trur me kan takke målrørsla for at det har vorte legitimt å snakke dialekt. Det var målrørsla som stod i brodden for dialektkampanjane på 70-talet.

Gjennom hundre år har Noregs Mållag vore ei drivkraft for å gjere nynorsk til eit bruksspråk på alle samfunnsområde. Det var Studentmållaget i Oslo som kjempa fram at studentane fekk skrive nynorsk på eksamenane på universitetet. Det var målfolk som starta dei fyrste avisene på nynorsk. Seinare fekk mållaget inn nynorsk i både radio og fjernsyn. I dag kan me lese nynorsk i heile 87 aviser. Me kan høyre nynorsk og dialektar på NRK, TV 2, Kanal 24 og P4. Kanskje Dagbladet og VG snart gjev etter for presset dei òg? Me kan skrive offentlege brev på nynorsk, og vente svar attende på nynorsk. Takka vere målrørsla lærer elevane på norsk skule både nynorsk og bokmål. Det gjer kvar og ein av oss i stand til sjølv å velje språk. Sjølv om eg voks opp i Trondheim, med bokmål som hovudmål, vart eg etterkvart i stand til å bytte skriftspråk. No har nynorsk vore språket mitt i snart elleve år. Synd ingen sa noko om dette på fredagskvelden.

Jammen fortener mållaget ein fest. Og fest vert det. Til helga reiser eg og sambuaren min til Oslo for å vere med på feiringa. Det gler me oss til. Hipp hurra for Noregs Mållag!
(frå 31. januar 2006)

5.6.06

Om å streike

Denne gongen skal eg ikkje skrive om at våren er komen. Det gjorde eg sist. Og då kom vinteren. Det snødde og snødde i over ei veke. Eg er sikker på at det var mi skuld. Snøen hadde aldri kome om det ikkje var for å håne at eg trudde det var vår. Eg fekk dårleg samvit for at eg kunne påføre sambygdingane mine all denne snøen. Heldigvis var det nokon som vart glade for det gode skiføret. Og det dukka opp ein flott snømannfamilie i hagen.

Anten sola skin eller det er bitkaldt, er våren ofte streiketid. Sist torsdag streika lærarane for at dei er misnøgde med tilbodet dei hadde fått frå Kommunanes Sentralforbund. KS ville fjerne dei nasjonale standardane som seier kor mykje tid lærarane skal få til å førebu undervisninga si. Same morgon høyrde eg på radio ei kvinne som representerte foreldra til elevane i skulen. Ho var provosert over at lærarane streika, for det gjekk ut over undervisninga til elevane.

Det er vanskeleg å streike utan at det går ut over nokon. Eg vil hevde at det er liten vits i å streike om ingen vert råka av det. Når nokon vert råka av ein streik, er det berre med på å synleggjere kor viktig arbeidet til dei streikande er. Eg trur ikkje streik er eit verkemiddel ein så lett tyr til. Men av og til er det naudsynt. Om ikkje forhandlingane fører fram, sett ein makt bak krava. Då er streik eit maktmiddel arbeidstakarar har. Difor vil nok ein del verte råka av streikar frametter.

Lars Sponheim har uttalt at han vil avgrense streikeretten. Han meiner at det er greitt å streike for høgare løn, men ikkje for betre arbeidsvilkår eller solidaritet. For meg høyrest dette merkeleg ut. Trur han det berre er løna til arbeidstakarane som er viktig? Det må vere opp til arbeidstakarane sjølv å bestemme kva dei vil slost for. Det er han som har skoa på, som veit best kvar ho trykker, er eit gamalt ordtak. Kanskje er det ikkje alltid løna som er problemet, men andre faktorar som er viktige for at arbeidstakarane skal få utført arbeidet sitt på ein skikkeleg måte. Då er det det ein må gripe fatt i, anten det er snakk om pensjon eller tid til å utføre arbeidet sitt skikkeleg.

Då elevane miste undervisning sist torsdag var det snakk om nokre få timar. Om lærarane ikkje vinn fram med krava sine, trur eg det vil gå utover elevane i langt større grad enn det ein halv dags lærarstreik vil.

Jau då, det kan vere irriterande å verte råka av at folk streikar. Eg kryssar fingrane for at flya går når eg skal ut og reise. Likevel er eg for streikeretten, alternativet er så mykje verre.
(frå 6. april 2006)