29.5.06

Våren og gotteri

Då ser det endeleg ut til at våren er komen til Hareidlandet. Det har vore sol og opplett i fleire dagar. Snøen smeltar og fuglane kvitrar. Eg vert i godt humør av å sjå snøklokkene som tittar opp av snøen. Denne veka har eg vore heldig og hatt seinvakt, så eg har hatt fri på dagtid til å gå turar og nytt våren.

Eg er ikkje noko vintermenneske. Det er greitt med snø til jul, men når jula er ferdig vil eg berre ha vår. Skigåing har eg vel aldri brydd meg om. Vert for mykje stress. Oppoverbakkar er slitsamt, og nedoverbakkar er skummelt. Det beste med vinteren er å fyre i peisen, men der eg bur no har eg ikkje peis, så då kan det vere det same.

Når våren kjem, trekkjer eg ned mot fjøra og havet, der er det mest vårleg. Eg har sansen for måseskrik. Og er sterkt usamd med Odd Børresen i synet på måsar. Lyden av måsar minner meg om sommar og ferie. Så får eg berre kryssa fingrane for at dei held seg unna bilen min.

Med våren nærmar påska seg. Og etter påska nærmar eksamen seg. Siste ti åra har eg brukt påska til å lese på eksamen. Då har eg skulle teke att all den forsømte lesinga i eit realt skippertak. Dette vert fyrste påska mi fri for eksamenslesing eller oppgåveskriving. Er det ein ting eg ikkje saknar frå skule- og studietida mi, er det eksamen.

Eg las nyleg om ein skule i Arendal som ville forby elevane å ta med snop på eksamen. Ein ernæringsekspert uttalte at prestasjonen til borna vert forverra med inntak av slike sukkermengder. Snopet, eller «snavvelet», som det heiter der eg kjem frå, gjev svingingar i blodsukkeret, noko som gjer at ein vert ukonsentrert. Elevane protesterte på forbodet. - Det er jo einaste moroa me har i eksamenstida, skal ein gut ha uttalt. Og moro skal ein jo ha det. No burde kanskje elevane vore meir opptekne av eksamensresultata sine enn av å ha det så moro medan dei har eksamen, men inst inne kan eg skjøna elevane litt. Eg er ikkje den rette til å moralisere i dette tilfellet. På kontoret mitt har eg ein skuff med søtt eg kan ty til når dagen lir på og eg går tom for energi. Og kven tyr ikkje til ein kopp kaffi for å vakne? Det er vel heller ikkje berre sunt. Heldigvis forbyr ikkje arbeidsplassen min meg å drikke kaffi. Tvert i mot har me handla så mykje kaffi at me fekk sjokolade på kjøpet. Diverre får eg migrene av sjokolade, men det er ei anna historie. Skuffen min med søtsaker får eg heldigvis ha i fred for ernæringsekspertar, eg er redd eg ville vorten amper elles.

Sunnmøringar er rare

Sunnmøringar er rare. Som nyinnflytta til øya opplever eg mangt som overraskar meg. Eg er eigenleg trønder og har vakse opp i Trondheim. No er eg ikkje heilt ukjend med sunnmøringar. Faren min er frå Hareid, og eg har nytta mange feriar på Hareidlandet. Men til no har eg trudd at det var faren min og resten av familien min som var litt spesielle, no har eg skjøna at det berre er slik sunnmøringane er.

Sunnmøringar er veldig opptekne av kven ein er i slekt med. Kven er du? spør folk. Då held det ikkje at eg svarar namnet mitt og kva eg jobbar med. Det er slik eg er van med å plassere folk. For å plassere meg vil sunnmøringen vite kven familien min er, og kvifor eg som snakkar trønder er her. So eg forklarar som best eg kan. Jaudå, eg har slekt og bunad frå Sunnmøre. Og eg har ikkje gifta meg til namnet Måseide, det er mitt eige. Sunnmøringar vil alltid vite «kven si» nokon er.

Sunnmøringar er dessutan veldig glade i kjendisar med tilknyting til Sunnmøre. Det er ikkje so nøye kva dei er kjende for, so lenge dei er kjende. Sunnmørske kjendisar treng ikkje bu på Sunnmøre. Nokre av dei har aldri budd her heller. Det er gjerne nok å ha ei tante herifrå. Eller ha vore her på ferie. Om dei då gjer det stort, vert dei gjerne inviterte på Hareidsstemna og tekne vel i mot som heimkomne heltar.

Noko anna som overraskar meg er sunnmøringar sitt eigedomstilhøve til nynorsk. For meg er nynorsk eit språk eg bytte til på gymnaset fordi eg likte at det bygde på alle dialektane. Nynorsken er ikkje bygt på talemålet til ei lita gruppa, men tek opp i seg litt herifrå og derifrå. Difor er det ikkje noko problem for meg å skrive ord som eg sjølv ikkje seier. Men etter eg flytta til Ulsteinvik har eg fått litt merksemd for at eg skriv me. «Seier du me òg?» får eg spørsmål om. Nei, det gjer eg ikkje. På same vis som eg korkje seier eg eller ikkje. Eg skriv me for at eg synst det er fint. Tradisjonelle nynorskord som skil seg frå bokmål har lett for å verte stempla som gamaldagse. Det likar eg ikkje. Når eit ord vert nytta i daglegtale ein stad, er det ikkje gamaldags. Her i Ulsteinvik er det mange som seier me, det er ikkje noko gamaldags over det.

So, kvifor vil eg bu her, når eg skriv at sunnmøringar er rare? Jau, trønderane er ikkje stort betre. Det er godt å få litt variasjon frå karskdrikkande, bokmålsskrivande tullingar som ropar ROOOSENBOOORG! Dessutan er lufta reinare her. Og sunnmøringar er no ganske trivelege.

17.5.06

Gamle heltar

Denne gongen vil eg skrive om ein gamal helt. Dei fyrste tenåra mine var rommet mitt nærast tapetsert av ein pen mann. På den tida saug eg til meg alt eg kom over om han i aviser og vekeblad. Ein gong skreiv eg til og med ein norskstil om han. Eg hadde så mykje kunnskap eg berre måtte få ut. Framleis hugsar eg mykje rart om denne mannen eg aldri har møtt.

Det var kjærleik ved fyrste augnekast. Som ung jente var eg med mora mi på kino og såg Rain Man. Eg hadde aldri sett nokon som var så kjekk som Tom Cruise. Han var som ein draum. Gutane heime på Flatåsen kunne ikkje måle seg med han. I fleire år var dette mannen i mitt liv. Eg såg alle filmane eg kom over med han. Av systera mi fekk eg Cocktail på video til konfirmasjonen. Ein film me alt hadde sett mange gonger. Ei veninne av meg hadde det på same måten. I lag feira me bursdagane til Tom Cruise. Kvar 3. juli bakte me kake og kosa oss. Og jenteromma våre vart fullare og fullare med bilete og plakatar av denne fantastiske skodespelaren.

Men ein dag skjedde det noko. Eg heldt på å setje frukosten i vrangstrupen den morgonen eg las i Adresseavisa at Tom Cruise hadde gifta seg med Nicole Kidman. Krise! Eg sprang bort til veninna mi for å fortelje om tragedien. Det var ein skikkeleg nedtur. Eg hugsar kor sjalu eg var på Nicole Kidman, og syntest ho var forferdeleg tjukk og stygg. Og eg skreiv dikt om kor mykje eg mislikte henne.

Med åra har hatet mitt mot Nicole Kidman roa seg. Og eg har funne ein annan mann som er mannen i livet mitt. Her ein kveld eg såg på fjernsyn vart eg minna på denne gamle flammen frå ungdomen. I fleire år har det versert rykte om at Tom Cruise er homofil. Eit rykte den kjende skodespelaren liker dårleg. No er det laga ein episode av South Park som speler på desse rykta. Det vert ikkje eksplisitt sagt at Tom er homofil, men han går inn i eit skåp og nektar å kome ut att. Så ber folk han kome ut av skåpet. Dette likte barndomshelten min så dårleg at han fekk stoppa heile episoden. Korleis kan ein amerikansk skodespelar avgjere kva som skal sendast på amerikansk fjernsyns? Jo, filmselskapet han speler for er dei same som eig fjernsynskanalen som sender South Park. Såleis kunne han nekte å stille opp på reklame for nyaste filmen sin, om fjernsynskanalen sende den omtalte episoden. Slik vart episoden stoppa, for elles kunne filmselskapet risikert å tape mykje pengar. At publikum vert nyfikne og lastar ned den omtalte episoden frå internett, er ei anna sak.

Eg skjønar godt at det ikkje er kjekt å verte framstilt som noko anna enn ein er. Men når ein ser kor redd Tom er for å verte framstilt som homofil, og kor store krefter han sett i sving, verkar det nesten som han ser på homofile som spedalske. Når han i tillegg har rota seg borti den tvilsame scientologikyrkja, forsvinn noko av sympatien min for han. Nei, gamle heltar er ikkje det dei ein gong var.

Då eg kjøpte øl til Ragnar Hovland

Dette er ikkje ein tekst om korleis du kan sleppe å betale skatt. Det er mange nok aviser som nyttar metervis av spalteplass på korleis nordmenn kan betale minst mogleg skatt. Dette er heller ikkje ein tekst om kor dyr bensinen eller straumen har vorte. Materielt har eg det godt, og eg ser difor ingen grunn til å klage.

Derimot skal denne teksten handle om tilhøvet mitt til kjendisar. Eg har ei barnleg glede over å sjå kjendisar. Då kriblar det i magen, og eg får ikkje fram eit vettugt ord. Nyleg var eg på konsert med Vamp. Ein konsert eg hadde gledd meg til i mange veker. Eg hadde skrive fleire førehandsomtalar om at Vamp skulle kome til Ulsteinvik, likevel skvatt eg til då eg brått såg haugesundgruppa utafor vindauget mitt ein tysdag ettermiddag. Der er dei, nærast ropte eg til nabokontoret. Men kollegaen min syntest tydelegvis ikkje det var så stort. Så eg måtte ringje mannen min og fortelje kven eg nett hadde sett, og kvar dei gjekk.

- Dei gjekk over plassen. Så forsvann dei inn på blomebutikken, kunne eg stolt fortelje.

Ein gong såg eg Ulf Risnes på gata. Han var vokalist og frontfigur i favorittgruppa mi, Tre små kinesere. Eg har fulgt gruppa i tjukt og tynt, og kan alle songane deira. Difor var det stort for meg å sjå sjølvaste Ulf Risnes på gata ein dag. Det er ikkje det at han er serskilt kjekk, eller noko slikt. Men eg ser sånn opp til han. Han har laga så mykje fin musikk. Kjendisar er sikkert leie av at folk glanar, så eg freistar oppføre meg som normalt. Det gjorde eg også denne gongen. Men eg kjende andletet mitt berre sprakk opp i eit tåpeleg glis, og måtte berre skunde meg nedover gata.

Eg veit det er latterleg, dei er jo berre vanlege menneske. Men det er noko eige med å sjå folk du er van med å sjå frå fjernsyn og aviser i levande live. Det minner meg på at dei finst, og ikkje er oppdikta figurar på line med Yngve Freiholt eller Joey.

Systera mi har det på same viset. I påska var ho i New York og farta frå den eine kjende staden til den andre. Men det som gjorde sterkast inntrykk var at ho såg han som spela Mike i Vener for livet. Det var større enn Empire State Building, oppsummerer ho sjølv.

For nokre år sidan var eg leiar i Studentmållaget i Oslo. Ved semesterstart brukte me å ha fest, men for å gjere litt ekstra ut av festen fekk me det for oss at me skulle be Ragnar Hovland kome. Eg måtte ringje han, noko eg òg gjorde. Samtalen var omtrent slik.

Ingvild: Hei! Eg ringjer frå Studentmållaget i Oslo. Kan du kome på semesterstartfesten vår? Fint om du les opp noko.
Hovland: Ja, det kan vere.
Ingvild: Ja, vil det seie at du kjem?
Hovland: Ja, får sjå.

Eg valte å tolke det som at han kom, og laga mange plakatar der eg lokka med at han skulle kome. Dagen kom, og mange studentar møtte opp på festen. Eg var spent på om forfattaren min ville dukke opp. Heldigvis gjorde han det! Men då han kom, vart eg så forfjamsa og rar, at eg ikkje visste korleis eg skulle oppføre meg. Einaste eg kom på var at han sikkert trong noko å drikke om han skulle lese for den store forsamlinga, så eg spurte om han ville ha eit glas øl. Det ville Hovland. Så eg gjekk og kjøpte øl til han.

Det vart ein fin fest, men eg greidde ikkje snakke med Ragnar Hovland. Heldigvis fann han nokre andre han kjende.

Postmann Pat

Her ein kveld såg eg att ein gamal kjenning på fjernsynsskjermen. Det var Postmann Pat. Sjølvaste Postmannen med stor bokstav. Han som alltid er tidleg ute på postmannsruta si, med katten Miss i setet ved sidan av seg. Postmannen som alltid får fram posten, sjølv om det både regnar og bles ute.

Men no var det spelt inn nye episodar om barndomshelten, det var ikkje dei eg såg på barne-tv som lita jente. Postmann Pat var blitt familiefar. Heime hadde han både kone og son. Då tenkte eg, ja ja, tida går. Han har vel vorte vaksen. Familie er vel slikt som fylgjer med. Men det var noko meir som var forandra, byen han budde i hadde vakse. Då tenkte eg han budde i ein tilvekstkommune. Nokre byar veks, då kan vel òg byen Postmann Pat bur i vekse.

Men no kjem eg til den største og alvorlegaste skilnaden på dei nye episodane og episodane frå eg var lita. Historiene handla ikkje lenger om at han utførte arbeidet sitt som postmann. Episoden byrja med at han kom heim frå jobb. Tidlegare byrja alltid historiene med at han stod opp om morgonen, så fekk me fylgje han gjennom arbeidsdagen. Men no hadde dei kutta alt om arbeidslivet. Historia byrja i det Pat kom heim frå jobb. Derifrå handla det om korleis han kledde seg ut som sjørøvar og drog på skattejakt. Kva er dette, tenkte eg. Er ikkje livet hans som postmann spanande nok lenger?

Neste onsdag var det tid for ny episode om den kjære postmannen min. I avisa stod det at dagens episode heitte «Postmann Pat blir sirkusklovn.» Eg måtte berre sjå, skulle han no finne seg eit nytt yrke? Skomakar, bli ved din lest, sa skomakar Andersen. Kanskje det ikkje gjaldt for postmenn? Men heldigvis synte det seg at Pat berre var sirkusklovn for ein dag. Kvifor dei som lagar serien om den kjende postmannen har slutta å ha fokus på postvesenet, veit eg ikkje. Kan hende heng det saman med det auka fokuset på privatlivet til folk? Kjendisar er ikkje lenger kjendisar av di dei kan noko, men av di dei har vore på fjernsyn. Ikkje veit eg. I dei nye episodane forsvinn liksom heile poenget med at han er postmann. Han kunne like godt vore ei avdanka stjerne frå røyndomsfjernsyn.