27.10.06

Stegteljaren min

Denne hausten har eg hive meg på ein trend som går over heile landet. Eg har fått meg stegteljar. Den vesle dingsen eg festar ved bukselomma skal telje kor mange steg eg tek. Eg har fått fortald at ein bør gå 10 000 steg for dagen for å halde meg i form. Og halde seg i form bør ein. Det reduserer sjansane for å få hjarte- og karsjukdomar, diabetes, kreft og høgt blodtrykk. Det vert sagt at ein meistrar stress betre, får betre nattesømn og mindre muskel- og skjelettplager. Dessutan skal ein verte i betre humør! Dette er faktorar det er vanskeleg å argumentere imot.

Diverre har eg aldri vore noko glad i å trene. Eg har ikkje tal på kor mange artiklar eg har lese i vekeblad for å få opp treningsgløden, men det vert med lesinga. Sjølv om manglande trening har vore kjelde til dårleg samvit innimellom, har det dårlege samvitet likevel sjeldan vore stort nok til at eg har gjort noko med det. Eg har orsaka meg med at eg er flink til å gå. For det har eg trudd. Difor plar beina mine vere utrusta med gode sko, stiletthælar er ikkje noko for meg. Eg liker å setje andre folk i bås og tenkje at medan dei køyrer bilen sin frå dør til dør, er ikkje eg redd for å gå.

Men stegteljaren min avslører meg. Eg har oppdaga at eg ikkje går så mykje som eg liker å tru. Nokre dagar når eg kjem frå frå jobb har eg berre gått rundt 3000 steg. Då får eg mykje å ta att på kveldstid. Men fyrst må eg lage meg middag. Og så er det nyhende. Og så må eg gjerne setje på ein klesvask og ta ein telefon. Og sånn går no dagane. Dessutan er det for mørkt ute på kveldane til å gå tur. I alle fall aleine.

Ofte gløymer eg å ta stegteljaren min på meg. Sånn vert målingane mine litt sporadiske. Men eg trur eg ofte endar på rundt 4000 når eg legg meg. Ein tabell slår fast at eg med det har hatt ein svært inaktiv dag.

Stegteljaren min har vorte ei spire til dårleg samvit. Eg ser at på nok eit område strekk eg ikkje til. Ikkje et eg fem om dagen, og ikkje går eg nok. Men eg har funne ut at mange av stega mine ikkje vert registrerte. Som dei stega eg tek om morgonen. Ofte når eg kjem på jobb har stegteljaren berre registrert at eg har gått 30 steg. Eg veit at eg har gått meir. På internett les eg at om eg opplever at stegteljaren registrerer få av stega mine kan det skuldast at eg har ein litt svevande gange. Rådet eg får er å gå meir bestemt. Andre har fortald meg at om eg går for få steg i gangen, vert dei ikkje registrerte. Ergo må eg leggje om måten eg går på. Skal eg til dømes hente meg noko på kjøkkenet bør eg ta meg ein sving innom eit anna rom med det same, medan eg trampar, for å få utslag på teljaren. Det er jammen mykje ein må passe på.

Her ein kveld då eg la meg synte stegteljaren min 9170 steg. Då sovna eg med godt samvit.

(Vikebladet Vestposten 24. oktober 2006)

1 Kommentarar:

Blogger austsida skreiv...

Det var eit kjekt innlegg. Vi har fått stegteljarar av Bernander no. Eller trampeteljarar. Den tel ikkje kva steg som helst, denne teljaren. Her gjeld det å trø hardt og sjølvsikkert i bakken, dersom ein vil bli telt.

03 november, 2006 19:28  

Legg inn en kommentar

<< Home