27.8.06

Heltinna Marikken

No er eg lei av regnet. Eg er lei av tunge skyer og skodda som sig nedetter fjella. Det er ikkje slik juni skal vere. Juni skal vere som Junibakken i Marikken. Der er det alltid sol, og Marikken og Lisabeth spring barbeinte i graset.

Mange jenter trekkjer fram Pippi som sin favoritt frå Astrid Lindgren si verd. Pippi kan nok vere eit bra førebilete på mange vis for små jenter. Ho er sjølvstendig og greier seg sjølv. Men det var aldri ho eg fall for som lita jente. Det var Marikken. - Æsj, Marikken var berre pen og pynteleg, vil nok ein del svare. Men der er eg totalt usamd.

Marikken er tøff. Ho har bein i nasen og syner stor sans for rettferd. Den vesle jenta står alltid opp for dei som treng henne. Anten det er veslesystera som har hamna i trøbbel, så storesystera må ta nevane til hjelp. Eller det er den gode kameraten Abbe.

I filmane om Marikken og systera kjem kontrastane mellom rike og fattige tydeleg fram. Medan Abbe bur i lag med foreldra sine i ei sliten lita stove med gamle filler på golva, bur Marikken i eit stort fint hus og manglar ikkje noko materielt. Dei har både piano og tenestejente. Faren til Marikken er redaktør, medan faren til Abbe drikk.

Mora til Marikken liker ikkje at dottera er så mykje borte hjå Abbe, men faren svarer at jenta berre har godt av å sjå korleis andre har det.

Ei scene som har gjort sterkt inntrykk på meg er då Abbe lagar i stand jul til seg og foreldra. Han veit at om ikkje han gjer det, vert det ikkje noka jul. Han har kjøpt ei fin lampe i presang til mora og faren, men dei har ikkje noko til han. Då kjem Marikken innom og ynskjer familien Nilsson god jul. Ho har med julegåve til Abbe, og augo til Abbe lyser opp. Det vert den einaste gåva som Abbe får den jula, og kanskje første julegåva han får i det heile.

Det er mange rørande augneblink i filmane og bøkene om Marikken. Ei anna flott scene er då redaktørfamilien tek med seg tenestejenta Alva på ball. Alva kjenner seg ikkje heime mellom sosietetsfruene og -herrane. Ho møter stygge blikk og frekke kommentarar om at ho ikkje har noko der å gjere. Ingen vil danse med henne. Men då vert Marikken så sint at ho grin, og hentar inn den kjekke feiaren. Han byr Alva opp til dans, og ho får endeleg svinga seg i dansen. Ei handling som opprører fiffen, men Alva og feiaren strålar.

Der Pippi kan vise mot for at ho har musklar og ei kiste med gull, står Marikken opp for ideala sine. Ho grin om andre har det vondt, og gjer sitt beste for å hjelpe. Den jenta har bein i nasen og seier i frå til kven det skal vere. Anten det er høg eller låg. Og styrke og mot for det ein trur på, tel meir for meg enn musklar og ei kiste med gull.

(Vikebladet Vestposten 27. juni 2006)

3 Kommentarar:

Blogger Ragnhild skreiv...

Eg elskar både Marikken og Pippi og alt anna av Astrid Lindgren. For tida driv eg og les bøkene om Pippi og friskar opp gode minne frå filmane. Etter å ha lese mange fine historier må eg må forsvara Pippi. Referansane er til historier i bøkene, som eg vil tilrå å lesa:

- Pippi har rettferdssans (jamfør ALLE historiene)
- Pippi ser det beste i alle og dømmer ikkje folk sjølv om dei har gjort noko gale (jamfør "Pippi får besøk av tyver")
- Pippi deler (jamfør "Pippi feirer fødselsdag", "Pippi går i butikker")
- Pippi syner at det ikkje berre er teoretiske fag i skulen det er viktig å lukkast i (jamfør "Pippi begynner på skolen" og "Pippi skriver brev og går på skolen")
- Pippi har stor fantasi, ho har stor humor og er ein stor filosof (jamfør "Pippi finner en spunk" og "Pippi Langstrømpe vil ikke bli stor")
- Pippi utfordrar det etablerte og finkulturen (jamfør "Pippi går i kaffeslabberas")
- Pippi er modig (jamfør "Pippi som redningsmann")
- Pippi har omsorg for dyr (m.a Herr Nilsson og hesten)
- Pippi tør å skilja seg ut (jamfør klesstil, sko og hårsveis)

Innimellom alt dette er Pippi smårampete og ho lyg/fantaserer vilt. Ho er ikkje noko snilt englebarn. Men det er berre fint. Det er det som gjer henne realistisk og som gjer at vi kan kjenna oss att i historiene, sjølv om musklane er urealistiske;-)

31 august, 2006 23:32  
Blogger Ingvild Aursøy Måseide skreiv...

Jaudå, eg har stor sans for Pippi eg òg. Utan tvil. Eg syntest berre det er synd at Marikken kjem sånn i skuggen for Pippi.

Dessutan kjende eg umåteleg stor trong for å skrive siste setningen i stykket ;)

01 september, 2006 10:31  
Blogger Ragnhild skreiv...

Det er bra du likar Pippi òg;-) Ho kjem sikkert litt i skuggen fordi ho ikkje har fletter som står rett ut.

01 september, 2006 18:03  

Legg inn en kommentar

<< Home