25.8.06

Eit lite mirakel

Det har skjedd eit lite mirakel.

No har eg arbeidd i Vikebladet Vestposten i litt over eit år. Eg har fått oppleve mykje, alt frå kommunestyremøte til Brandalsdagar. Eit av dei fyrste oppdraga mine då eg byrja i ny jobb var å vere med nokre fuglehundar på Fløfjella. Eg innrømmer det gjerne, det var ikkje min idé. Eigenleg er eg redd hundar. Og noko utprega turmenneske har eg vel aldri vore. Men eg tenkte at dette måtte eg vel klare. Sjølv om oppdraget innebar å stille utafor gamle Flø skule klokka åtte ein sundagsmorgon.

Eg kom meg opp og køyrde utover til vakre Flø. Men då eg kom fram fekk eg høyre at turen vart ein time forseinka. Ok, eg sette meg ned og venta. Gjennom fjernsyn og vekeblad har eg høyrt om folk som har vorte kurerte for fobiane sine ved å oppsøkje det dei har vore redde for. Eg tenkte at denne dagen med framande hundar måtte hjelpe på hunderedselen min. Dessutan hadde eg godt av å kome meg ut i frisk luft.

Omsider kom me oss opp på fjellet. Fuglehundane var unge hundar som skulle lærast opp til å verte gode fuglehundar. Ein og ein fekk dei prøve seg, medan resten danna ein baktropp. Eg låg ikkje i baktroppen. Medan målet for hunden var å finne fugl, var målet mitt å fange den magiske augneblinken med kameraet mitt. Difor halsa eg med som best eg kunne. Timane gjekk, utan at nokon hund fann fugl. Etter kvart vart det på tide å kome seg ned frå fjellet, så eg ikkje skulle kome for seint til ein konsert eg skulle dekkje same kvelden. Nedkomen frå fjellet kunne eg oppsummere at det hadde vore ein fin tur, til trass for at eg ikkje hadde støvlar og vart våt på beina.

Men då eg kom heim for å vrengje av meg dei våte kleda og kle meg om til kyrkjekonsert, oppdaga eg det fatale. Vakttelefonen var vekke. Vakttelefonen er ein mobiltelefon me i redaksjonen byter på å passe på. Han skal gjere oss tilgjengelege om det skjer noko me som journalistar bør rykkje ut på. Denne helga var det eg som skulle passe han, og no hadde eg altso greidd å miste han. Eg leita gjennom alle lommene mine og fotoveska mange gonger. Men telefonen var som sokken i jorda. Eg hadde gått rundt omkring i Fløfjella heile dagen. Å reise opp dit for å leite etter mobilen ville vore verre enn å leite etter den kjende nåla i høystakken. Eg var ikkje mykje høg i hatten då eg tok mot til meg og ringde sjefen for å fortelje kva som hadde skjedd. Det ende med at Vikebladet Vestposten måtte kjøpe inn ein ny mobil og skrive opp eit nytt nummer til vakttelefonen på framsida av avisa.

Men her ein dag skjedde det altso eit lite mirakel. I sommar var det ein mann som fann vakttelefonen. Mobilen har no kome til rette og han fungerer, etter eit heilt år i vått gras på fjellet. No står det berre att å hugse pinkoden.

(Vikebladet Vestposten 24. 8. 2006)