17.8.06

Dameblad

Denne sommaren har det gått ein debatt i Dagbladet om dameblad. Smak på ordet. Dameblad. Det er ikkje mange redaktørar som vil kalle bladet sitt for eit dameblad. Dameblada har ikkje høg status som litteratur. Redaktørane kallar gjerne blada sine for motemagasin eller livsstilsmagasin. Dameblada vert jamleg kritiserte for å vere overfladiske. Like vel les ein stor del av kvinner desse blada. I sommar gjekk Siv Mjaaland ut og oppmoda kvinner til å brenne dameblada. Hardast gjekk kritikken utover bladet Elle. Mjaaland sa bladet framstiller kvinner som overfladiske vesen som er mest opptekne av utsjånad og shopping. Den unge kvinna etterlyste kvinnepolitiske tema i blada, som til dømes den store lønsskilnaden mellom kvinner og menn. Og foreslo at dameblada kan bytte ut dei syltynne modellane med nokon som ser levande ut.

Signy Fardal, som er redaktør i Elle, svarte at det er kvinneundertrykkande å definere lesarar av moteblad som eindimensjonale, tanketomme og overflatiske. At kritikken var retta mot blada og ikkje lesarane, ser ut til å ha gått henne hus forbi. Ho forsvarte seg vidare med at Elle tek opp andre tema enn mote, mellom anna er dei opptekne av kvinner og karriere.

Det er vel få kvinner som med handa på hjartet kan seie at dei ikkje bryr seg om korleis dei ser ut. Difor er gjerne venleikstips populært lesestoff mellom kvinner. Men me kvinner er gjerne interesserte i meir enn å ta oss godt ut. Det veit redaksjonane i damablada, difor er det ikkje så rart at dei òg tek opp andre emne enn mote. Likevel er det haustens mote som for tida dominerer bladhyllene.

Eg kan innrømme at eg sjølv ikkje er nokon ivrig lesar av Elle, men eg har lese andre dameblad. I fjor avslutta eg ein masteroppgåve om Kvinner og klær. Det som slår meg når eg les dameblad er at det vert stilt høge krav til moderne kvinner. Du skal lukkast på alle område på same tid. Du skal sjølvsagt vere vakker å ha den rette frisyren, sminken og kleda, men det er ikkje nok. Dagens kvinner skal ha ein vakker heim, lage god mat, ha ein omfangsrik vennekrins, finne deg sjølv, ha vakre og harmoniske born og ein spanande jobb.

Elleredaktøren skriv til Mjaaland at feministane på 70-talet kasta bh-en sin på bålet, sminkepungen i søpla og trente sjølvforsvar. Dei gjekk i demonstrasjonstog, brente pornoblad og kravde høglytt å liggje øvst. - I dag kjøper vi dyrt undertøy som løfter og strammer på de riktige stedene, vi holder oss oppdatert på det siste innen sminke, vi shopper og trener i helse-studio for å trimme rumper og lår. Og samtidig er vi opptatt av å gjøre karriere i arbeidslivet, markere oss i samfunnsdebatten, vi vil være gode mødre, spennenede partnere og trofaste veninner, skriv Fardal.

Dette er jammen store krav å leve opp til. Korleis kvinner skal nå over og vere på topp på alle desse områda er for meg ei gåte. Døgnet har framleis berre 24 timar. Det tek tid å sjå ut som modellane i blada. Denne tida gjer at ein får mindre tid til andre ting. Kva kvinner prioriterer å bruke tida si på er opp til dei sjølve, men eg synest kanskje det er synd om demonstrasjonstog vert erstatta av ein korsett.
(Vikebladet Vestposten 15. august 2006)