29.5.06

Sunnmøringar er rare

Sunnmøringar er rare. Som nyinnflytta til øya opplever eg mangt som overraskar meg. Eg er eigenleg trønder og har vakse opp i Trondheim. No er eg ikkje heilt ukjend med sunnmøringar. Faren min er frå Hareid, og eg har nytta mange feriar på Hareidlandet. Men til no har eg trudd at det var faren min og resten av familien min som var litt spesielle, no har eg skjøna at det berre er slik sunnmøringane er.

Sunnmøringar er veldig opptekne av kven ein er i slekt med. Kven er du? spør folk. Då held det ikkje at eg svarar namnet mitt og kva eg jobbar med. Det er slik eg er van med å plassere folk. For å plassere meg vil sunnmøringen vite kven familien min er, og kvifor eg som snakkar trønder er her. So eg forklarar som best eg kan. Jaudå, eg har slekt og bunad frå Sunnmøre. Og eg har ikkje gifta meg til namnet Måseide, det er mitt eige. Sunnmøringar vil alltid vite «kven si» nokon er.

Sunnmøringar er dessutan veldig glade i kjendisar med tilknyting til Sunnmøre. Det er ikkje so nøye kva dei er kjende for, so lenge dei er kjende. Sunnmørske kjendisar treng ikkje bu på Sunnmøre. Nokre av dei har aldri budd her heller. Det er gjerne nok å ha ei tante herifrå. Eller ha vore her på ferie. Om dei då gjer det stort, vert dei gjerne inviterte på Hareidsstemna og tekne vel i mot som heimkomne heltar.

Noko anna som overraskar meg er sunnmøringar sitt eigedomstilhøve til nynorsk. For meg er nynorsk eit språk eg bytte til på gymnaset fordi eg likte at det bygde på alle dialektane. Nynorsken er ikkje bygt på talemålet til ei lita gruppa, men tek opp i seg litt herifrå og derifrå. Difor er det ikkje noko problem for meg å skrive ord som eg sjølv ikkje seier. Men etter eg flytta til Ulsteinvik har eg fått litt merksemd for at eg skriv me. «Seier du me òg?» får eg spørsmål om. Nei, det gjer eg ikkje. På same vis som eg korkje seier eg eller ikkje. Eg skriv me for at eg synst det er fint. Tradisjonelle nynorskord som skil seg frå bokmål har lett for å verte stempla som gamaldagse. Det likar eg ikkje. Når eit ord vert nytta i daglegtale ein stad, er det ikkje gamaldags. Her i Ulsteinvik er det mange som seier me, det er ikkje noko gamaldags over det.

So, kvifor vil eg bu her, når eg skriv at sunnmøringar er rare? Jau, trønderane er ikkje stort betre. Det er godt å få litt variasjon frå karskdrikkande, bokmålsskrivande tullingar som ropar ROOOSENBOOORG! Dessutan er lufta reinare her. Og sunnmøringar er no ganske trivelege.