17.5.06

Gamle heltar

Denne gongen vil eg skrive om ein gamal helt. Dei fyrste tenåra mine var rommet mitt nærast tapetsert av ein pen mann. På den tida saug eg til meg alt eg kom over om han i aviser og vekeblad. Ein gong skreiv eg til og med ein norskstil om han. Eg hadde så mykje kunnskap eg berre måtte få ut. Framleis hugsar eg mykje rart om denne mannen eg aldri har møtt.

Det var kjærleik ved fyrste augnekast. Som ung jente var eg med mora mi på kino og såg Rain Man. Eg hadde aldri sett nokon som var så kjekk som Tom Cruise. Han var som ein draum. Gutane heime på Flatåsen kunne ikkje måle seg med han. I fleire år var dette mannen i mitt liv. Eg såg alle filmane eg kom over med han. Av systera mi fekk eg Cocktail på video til konfirmasjonen. Ein film me alt hadde sett mange gonger. Ei veninne av meg hadde det på same måten. I lag feira me bursdagane til Tom Cruise. Kvar 3. juli bakte me kake og kosa oss. Og jenteromma våre vart fullare og fullare med bilete og plakatar av denne fantastiske skodespelaren.

Men ein dag skjedde det noko. Eg heldt på å setje frukosten i vrangstrupen den morgonen eg las i Adresseavisa at Tom Cruise hadde gifta seg med Nicole Kidman. Krise! Eg sprang bort til veninna mi for å fortelje om tragedien. Det var ein skikkeleg nedtur. Eg hugsar kor sjalu eg var på Nicole Kidman, og syntest ho var forferdeleg tjukk og stygg. Og eg skreiv dikt om kor mykje eg mislikte henne.

Med åra har hatet mitt mot Nicole Kidman roa seg. Og eg har funne ein annan mann som er mannen i livet mitt. Her ein kveld eg såg på fjernsyn vart eg minna på denne gamle flammen frå ungdomen. I fleire år har det versert rykte om at Tom Cruise er homofil. Eit rykte den kjende skodespelaren liker dårleg. No er det laga ein episode av South Park som speler på desse rykta. Det vert ikkje eksplisitt sagt at Tom er homofil, men han går inn i eit skåp og nektar å kome ut att. Så ber folk han kome ut av skåpet. Dette likte barndomshelten min så dårleg at han fekk stoppa heile episoden. Korleis kan ein amerikansk skodespelar avgjere kva som skal sendast på amerikansk fjernsyns? Jo, filmselskapet han speler for er dei same som eig fjernsynskanalen som sender South Park. Såleis kunne han nekte å stille opp på reklame for nyaste filmen sin, om fjernsynskanalen sende den omtalte episoden. Slik vart episoden stoppa, for elles kunne filmselskapet risikert å tape mykje pengar. At publikum vert nyfikne og lastar ned den omtalte episoden frå internett, er ei anna sak.

Eg skjønar godt at det ikkje er kjekt å verte framstilt som noko anna enn ein er. Men når ein ser kor redd Tom er for å verte framstilt som homofil, og kor store krefter han sett i sving, verkar det nesten som han ser på homofile som spedalske. Når han i tillegg har rota seg borti den tvilsame scientologikyrkja, forsvinn noko av sympatien min for han. Nei, gamle heltar er ikkje det dei ein gong var.

1 Kommentarar:

Blogger Ragnhild skreiv...

Peik til meg, då! :-) Eg visste ikkje at du hadde fått deg blog.

24 mai, 2006 18:05  

Legg inn en kommentar

<< Home