19.1.09

Highway to Hell?

For tida er eg heime med dottera mi på snart fem månader. Eg har ikkje tal på kor mange som fortel meg at dette er den beste tida i livet mitt. Denne tida kjem aldri att, seier dei. Kos deg, er rådet. Er det ikkje kjekt å ha fri frå jobb, spør dei, og ventar ikkje noko svar.

På fjernsyn ser eg det skal gå ein serie der kvinnene blir sendt til Syden. Så må mennene ta seg av heimen og borna. Ljodsporet er "Highway to Hell".

Så kva skal eg konkludere med? Eg veit ikkje, men tenkjer at sanninga er ein plass imellom. Og håper at husbonden ikkje får eit helvete når eg skal tilbake i jobb om litt over to månader.

5.1.09

Å få barn

I dag høyrde eg ein mann på radio som provoserte meg. Han omtala dei som vel å ikkje få barn som gratispassasjerar i samfunnet. På eit vis freista han å gje dei som ikkje har barn dårleg samvit.

Eg synest det er ein dårleg strategi. Kva veit han om dei som er barnlause? Folk bør ikkje få barn av plikt. Det bør, og må, vere opp til kvar einskild å vurdere om og når dei vil ha barn. Mange opplever at dei ikkje kan få barn, men det kjenst for sårt at dei ikkje vil dele det med resten av omverda. Andre vel av ulike grunner å ikkje få barn. Og det må me respektere.

Det finst då andre måtar å bidra til samfunnet på. Eg vil ikkje leve i eit samfunn som måler menneskeverdien til folk i kor mange born dei har produsert.

Om målet er å få fleire til å få ungar bør ein kanskje heller gjere noko for å lette kvardagen til småbarnsforeldre. Kva med å gje oss ein sekstimarsarbeidsdag, med full løn? Eller ei ekstra ferieveke? Tru meg, å ha ungar tek tid. Og det bør det òg gjere.

26.11.08

Idrottsskaden

Så har det altså skjedd. Eg har fått min første idrottsskade. Eg har korkje sprunge maraton, gått fjelltur eller vore på treningsstudio. Eg har fått ei dotter.

Det store rådet frå Helsestasjonen for alt er trilling. Ungen har godt av frisk luft, ho får sove og eg sjølv kjem i form. Så eg har trilla. Og hatt dårleg samvit dei dagane eg ikkje har orka trille oss tur i råk og fok og is.

For nokre veker sidan fekk eg vondt i foten. Eg tenkte først at det var vêromslaga som fekk fram gikta i meg, så eg venta. Men då smertene ikkje gav seg, fekk eg meg time til lege.

Legen vende på foten min, i alle vinklar. – Han er overbelasta, sa ho. Eg fekk melding om å leggje støttebandasje på foten, is på foten i tjue minutt to gonger for dagen, strekkje på han to gonger for dagen og la foten få kvile.

Eg freistar seie til jenta mi på tre månader at me må ta det litt meir med ro, for mamma har vondt i foten og må kvile.
– Brszt, seier ho og ler.

5.11.08

Nattevak

Eg har resignert. Klokka er ti over fire på natta og eg sit på golvet og et svisker frå ein boks. Eg registrerer at nattkjolen min er på vranga. På eit teppe ved sidan av meg ligg den to månader gamle dottera mi under babygymen sin og ler. Har ho fått det som ho vil?

Me har vore vakne i ein og ein halv time. Ho har fått mat. I halvmørkret for å ikkje vakne til. Eg har hjelpt henne å rape og fise, fleire gonger. Ho har fått rein bleie. Ho har gulpa. Og fått meir mat. Men ho søv ikkje. Eg har mata frå båe bryst, i alle stillingar. No får det vere nok. Ho får underhalde seg sjølv litt, ho må no bli trøytt til slutt.

Eg slår på fjernsyn for å sjå kven som blir ny president i USA. Det ser ut til å bli Barack Obama. Dottera mi ropar. Eg spør henne kvifor ho ropar, men ho berre ler til svar. Høyrest ut som ho ropar hei, men ho er vel for ung til det.
Eg kan ikkje klandre henne for at ho ikkje vil sove. Ho har sove sju timar i strekk. Problemet var berre at ho byrja natta halv åtte på kvelden.

Dottera mi ropar slik at eg tek henne opp på fanget. Ho liker godt å sjå fjernsyn, særleg Blomster Finn. Skal tru kva ho får ut av det?

Namnesystera mi på fjernsyn ser nøgd ut. Bjørn Hansen utropar Obama til valets vinnar. Veslejenta pludrar nøgd. Så salutterer ho så kraftig at me må ein tur på badet etter rein bleie.

29.10.08

Ballerinaen min



Sidan sist har denne jenta dansa seg inn i hjartet mitt og snudd alt opp ned.

5.8.08

Syprosjektet


Då kom eg endeleg i mål med syprosjektet mitt. Etter ungdomsskulen har eg knapt sydd på symaskin.

Eg ønskte meg symaskin til 30-årsdagen, tenkte det var noko eg burde ha når eg no vart vaksen. Eg fekk pengar til maskin, men somla til våren før eg kjøpte meg symaskin. Tidlegare i sommar sydde svigermora mi eit fantastisk trekk på maskinen min til korga veslejenta skal liggje når ho kjem. Så var det min tur.

I eit blad fann eg oppskrifta til eit veggteppe med tøylommer til å hengje over stellebordet. Eit sånt ville eg sy! Men oppskrifta skjøna eg ikkje stort av, og sykunnskapane mine er ikkje dei beste. Brukarrettleiinga har eg sjølvsagt rota vekk.

Likevel har eg no kome i mål på eit vis. Her er ingen prydsaum akkurat, men teppet er handlaga og heilt unikt. Det er praktisk og pyntar fint opp på baderomet.

21.7.08

Babyklede

I dag har eg sortert babyklede. Eg har ei skuffe med klede som passer fram til jenta blir 60 centimeter, og ei skuffe med klede til ho blir litt større. Så har eg ein pose med vinterklede.

Og i ei skuffe ligg det sengetøy og teppe til jenta.

Eg veit ikkje om det er den enormt store magen som har fått meg til det, men eg er i gang med eit syprosjekt. Eg syr eit slikt veggteppe med lommer. Det skal hengje over stellebordet, så kan eg putte ymse dill dall som eg treng til stellinga oppi lommene. Når det er ferdig, kan eg putte over innhaldet frå eine skuffa i kommoden over i tøylommene, og vips har eg ei skuffe ledig i kommoden. Der kan vinterkleda liggje.

Jaudå, det går framover.