5.8.08

Syprosjektet


Då kom eg endeleg i mål med syprosjektet mitt. Etter ungdomsskulen har eg knapt sydd på symaskin.

Eg ønskte meg symaskin til 30-årsdagen, tenkte det var noko eg burde ha når eg no vart vaksen. Eg fekk pengar til maskin, men somla til våren før eg kjøpte meg symaskin. Tidlegare i sommar sydde svigermora mi eit fantastisk trekk på maskinen min til korga veslejenta skal liggje når ho kjem. Så var det min tur.

I eit blad fann eg oppskrifta til eit veggteppe med tøylommer til å hengje over stellebordet. Eit sånt ville eg sy! Men oppskrifta skjøna eg ikkje stort av, og sykunnskapane mine er ikkje dei beste. Brukarrettleiinga har eg sjølvsagt rota vekk.

Likevel har eg no kome i mål på eit vis. Her er ingen prydsaum akkurat, men teppet er handlaga og heilt unikt. Det er praktisk og pyntar fint opp på baderomet.

21.7.08

Babyklede

I dag har eg sortert babyklede. Eg har ei skuffe med klede som passer fram til jenta blir 60 centimeter, og ei skuffe med klede til ho blir litt større. Så har eg ein pose med vinterklede.

Og i ei skuffe ligg det sengetøy og teppe til jenta.

Eg veit ikkje om det er den enormt store magen som har fått meg til det, men eg er i gang med eit syprosjekt. Eg syr eit slikt veggteppe med lommer. Det skal hengje over stellebordet, så kan eg putte ymse dill dall som eg treng til stellinga oppi lommene. Når det er ferdig, kan eg putte over innhaldet frå eine skuffa i kommoden over i tøylommene, og vips har eg ei skuffe ledig i kommoden. Der kan vinterkleda liggje.

Jaudå, det går framover.

16.7.08

Endringstid

Då har eg og sambuaren byrja på ei forseinka vårreingjering. Slikt har vel andre rundt påsketider eller noko slikt, men me er i gang no, i slutten av juni. Nett no ser det ganske bomba ut heime, men det er for at me er inne i ein prosess. Det skal bli så fint at.

Hyller har blitt skrudd opp, ein ny kommode har kome på plass og i ein krok tronar den nye aviskassa. Dukar blir lagt i skuffer. Bøker, cd-ar og filmar blir sett i hyller og tonnevis av aviser og blad blir kasta ut i papirdunken. I restavfallet hamnar falma juggel frå åttitalet og anna skrot. Hermetikkboksar blir vaska og kasta til gjenvinning, og jaggu blir det ein del plast i plastavfallet òg. Me er i gang med å organisere og rydde tinga våre. Det trengst. Om eit par månader er den vesle familien vår utvida med ein ekstra. Og babyen må få plass. No tek vel strengt teke ikkje ein unge så stor plass, i alle fall ikkje dei første månadene. Men det følgjer så mykje med ein smårolling, både av møblar og anna utstyr.

Det er fascinerande kor mange som er skråsikre på at me får ein gut. Like mange er like skråsikre på at me får ei dotter. Dei ser det på magen min, på beinbygninga til fosteret på ultralydbileta, tolkar det på eiga magekjensle og ikkje veit eg. Dei einaste som ikkje veit det er me som snart skal bli foreldre. Og same kan det vere, eg reknar med at me ser det når ungen kjem ut.

Dei siste månadene har eg berre est ut, og blitt blank i augo kvar gong eg ser babyar på fjernsyn. Her ein sundag såg eg den norske filmen Ungen på fjernsyn, ein film eg blir like rørt av å sjå kvar gong. Eigenleg hadde eg slått ifrå meg å sjå filmen i min tilstand, men eg greidde ikkje la vere. Og tårene trilla verre enn nokon gong. Eg spurde ei veninne om eg kjem til å bli meg sjølv att etter eg har født. Men det trudde ho ikkje. Sjølv greier ho ikkje lenger sjå Dagsrevyen utan å ta til tårene.

No har eg berre knappe to arbeidsveker att, før eg tek ferie og permisjon. Ein del tek det for gjeve at eg blir vekke eit år. Men det har eg ikkje planar om . Ungen har heldigvis ein far som òg har lyst til å vere heime med han, så eg kjem tilbake til våren.

(VVP 24. juni 2008)

14.3.08

Skotårsfrieri

Då har det vore skotårsdag att. Ein del store og små har endeleg fått feira bursdagen sin på den eigenlege dagen, medan dei tre av fire bursdagar må feire dagen på forskot eller etterskot. Eventuelt kan skotårsborna la vere å feire bursdagen sin dei åra det ikkje er skotår, og late som dei berre er ein fjerdedel så gamle som dei eigenleg er. Det siste alternativet er vel heller sjeldan.

Skotårsdagen er òg den dagen jenter og kvinner etter gamal tradisjon kan fri til sin utkåra. Får friaren nei, skal ho til gjengjeld få tolv par hanskar. Kva skal ho med tolv par hanskar? Jo, skjule at ho ikkje har ring på fingeren. Denne idéen om at kvinner kan fri på skotårsdagen lever i beste velgåande. Både ei facebook-veninne av meg og statsråd Liv Signe Navarsete fridde sist fredag og er no trulova.

Det er flott at folk finn kvarandre og kjærleiken. Og det er godt å sjå handlekraftige damer. Eg håpar dei får mange lukkelege år saman med sine utkåra. Men eg kan ikkje skjøne kvifor me i 2008 framleis bryr oss om denne dagen.

Eg fekk spørsmål sist veke om eg skulle fri denne dagen. Eg er ugift og har vore i lag med sambuaren min i snart ti år. Mange meiner nok det er på tide at me giftar oss. Men eg har lovd meg sjølv ein ting: Om eg skal fri, skal eg ikkje gjere det på skotårsdagen. Eg er kanskje litt trassig. Men det provoserer meg at det liksom berre er ein dag kvart fjerde år eg kan fri, medan han kan fri alle andre dagane.

Eg liker å tru at menn og kvinner er likeverdige, med same rettar og moglegheiter. At kvinnene berre skal fri når det er skotårsdag, er ein rest etter eit kjønnsrollemønster eg har lite til overs for.

Og å få hanskar for å skjule at ein ikkje har ring? Ikkje berre eit par, men tolv par. Kor mange hanskar greier ei kvinne å slite på eit år. Eg vil tru at eg ville brukt fleire år på å slite ut tolv par hanskar. Det vil seie at den kvinnelege friaren skal gå rundt og skjule den manglande gifteringen i fleire år etter at han ho fridde til svara at han ikkje vil ha henne. For noko tull, seier eg.

Tolv par hanskar er uansett ei mager trøyst om han du elskar ikkje vil ha deg.

2.12.07

Silikondamer

Menn er rare. Her ein dag las eg i Dagbladet om at menn har byrja kjøpe seg dokker. Eg har alltid vore tilhengjar av at gutar skal leike med dokker. Men dette er noko anna.

I dette tilfellet er det snakk om vaksne menn som kjøper seg store dokker som dei leikar, eller trur, er kjærasten deira. Det er store damedokker som veg femti kilo. På internett kan mennene sjølve velje kva hår og hudfarge dokka skal ha. Og dei kan velje kroppsfasong og andlet på dokka. Til og med fargen på fingernaglane kan kjøparen velje. Dokkene kjem i menneskestorleik og er laga i silikon. Prislappen er på 36 000 kroner.

Desse dokkene skal ha blitt ein stor suksess i USA. Faktisk har dokkene blitt så populære at produsenten har blitt millionær. Om du nokon gong drøymde om å skape di ideelle kvinne, då har du kome til rett stad, står det på nettsida til skaparen av desse tause damedokkene. Om nordmenn er mellom kjøparane, veit eg ikkje. Men det er vel ingen grunn til at dei ikkje skal vere det.

På eit vis kan desse dokkene sjåast på som ei vidareføring av oppblåsbare sjømannsbrurer. Men dei er òg noko meir. For eigarane nøyer seg ikkje med å gøyme dokkene i skapet når dei ikkje er i bruk. Nei då. Eigaren har eigne stader på nettet der dei møtest og diskuterer dokkene sine. Dei legg ut bilete av dokka som strikkar, slengjer seg på sofaen og liknande. Det skal oppstå djupe kjærleiksforhold mellom dokkeeigarane og dokkene. Eller, det er vel helst eit litt einsidig kjærleiksforhold.

Kva er det som gjer at nokre menn føretrekk silikonmodellen framfor ei ekte kvinne? Mange menn klagar over at kvinner pratar for mykje. Men det må vel vere litt keisamt å heile tida føre einvegssamtalar? Kan det ha med kontroll å gjere? Desse silikonversjonane stikk ikkje av og finn på noko tull. Ein mann svara at han trudde han var for stygg til å få seg ei ekte dame som kjærast. Det høyrest trist ut. Men eg trur nok det ikkje var utsjånaden som var største problemet hans.

Korleis er så utvalet i silikonmenn? Det finst berre ein å velje i, Charlie. Brunt hår, brune auge, brun silikonhud og veg rundt seksti kilo. Men til no skal det berre ha gått ein av han. Og han vart selt til ein mann. Fotografen Elena Dorfmann brukte fire år på å portrettere dokkeeigarar rundt omkring i USA. Fotografen oppdaga at menn og kvinner såg ulikt på det å skaffe seg ei silikondokke. Medan det for nokre menn var statussymbol å eige ei flott dokke, verka tanken patetisk og audmjukande for kvinner.

5.11.07

Juleførebuingar

Då er det 1. november og det er alt lenge sidan julemarsipanen og julebrusen kom i butikkhyllene. Julekakene er òg på plass.
Det er ofte lett å tru at alt var så mykje betre før. Me menneska hugsar dårleg. Me blir like overraska kvart år når julevarene kjem i butikkhyllene alt i midten av oktober. Men det er ikkje noko nytt. Damebladet KK har gjeve ut eit eige blad til jul kvart år sidan 1909. Den gongen heitte bladet Nordisk Mønster-Tidende, og julenummeret kom i handelen alt 10. oktober. Sidan den gongen har blada kome rundt den tida. Rett nok har utsjånaden på blada endra seg mykje på desse snart nitti åra, men bodskapen er ganske lik. Blada har i alle år vore fulle av mønster og oppskrifter på kva kvinner kan lage til jul. For jula blir jo så mykje meir koseleg når alt er heimelaga, veit me jo. Og skal ein kome i hamn til jul, bør ein byrja tidleg.

Kvart år tenkjer eg optimistisk at i år skal eg vere flink. Det er jo så mange fine bilete i desse juleførebuingsblada. Jammen skal eg vaske så det luktar grønsåpe i heile huset. Ingen skitne krokar i heimen min, nei. Så skal eg bake mange gode kaker. For ikkje å snakke om alle dei flotte gåvene eg skal lage til folk. Eg må få kjøpt meg symaskin, så skal eg trylle fram dei søtaste og artigaste pakkane. Som er så personlege og uunnverlege at dei som pakkar opp pakkane blir kjempeglade og hugsar i lang tid at dette, dette var gåva frå Ingvild.

Men ikkje i dag. Eg får byrja førebuingane i morgon. I dag kom eg seint heim frå jobb, så måtte eg lage mat. Det var på tide å vaske klede. Aviser skal lesast, dessutan er det så mykje kjekt på fjernsyn. Det er viktig å vere snill med seg sjølv. Elles blir ein lett sjuk. Og det har eg i alle fall ikkje tid til.

Sånn går dagane. Og vaske huset med grønsåpe? Det skal jo ikkje vere sunt heller. Nei, no skal det moppast. Og etter eg har feia tørrmoppen eller våtmoppen over golva blir det ikkje same sjarmerande lukta i huset som det blir med grønsåpe.
Så er det alle kakene. Treng eg bake dei? Eg reiser jo stort sett vekk i jula likevel. Og når eg og sambuaren kjem heim til oss sjølve, er me gjerne så leie av småkaker og anna søtt.

Kva med alle gåvene som skulle lagast? Slikt tek tid, dessutan veit eg ikkje om folk blir så glade for tinga eg lappar i hop. Eg er ikkje så flink til slikt. Men det hender eg lagar personlege, heimelaga gåver. Elles nøyer eg meg med å lage julekorta sjølve. Det er på ingen måte nok å sende ei julehelsing på tekstmelding, der er eg gamaldags. Det skal vere kort i postkassa. Julehelsingar som kjem på tekstmelding bør kome i tillegg til det fysiske julekortet.

Kan hende eg i år bryt prinsippa mine om å ikkje smake på julebrusen før jula kjem. Men julebrusen frå EC Dahls, som er den EKTE julebrusen, han smaker eg ikkje på før julaftan.

(VVP torsdag 1. november 2007)

14.10.07

Kvar eg kjem ifrå

Eg får av og til spørsmål om kvar eg kjem ifrå. Då svarer eg Trondheim. Det er der eg stort sett voks opp og gjekk på skule.

Men kvifor har eg då sunnmørsbunad? Valde eg bunad berre ut ifrå estetiske omsyn? Nei, far min kjem frå Hareid. Og alle i slekta mi som har bunad, har sunnmørsbunad. Difor er det den bunaden eg har kjensler knytt til. Så då eg skulle ha meg bunad, var det sunnmørsbunaden som var Bunaden.

Korleis blir det då? Er det sånn at eg er halvt sunnmøringen og halvt trønder? Eg tenkte kanskje ei stund slik medan eg budde i Trondheim. Med mor frå vakre Mausundvær utfor Frøya, og med ein far frå Hareid, og fem år av barndomen i Narvik, og første barnehageåret i Oslo, tenkte eg at eg ikkje var skikkeleg trønder. Eg var ikkje store jenta då eg bestemte meg for at eg ikkje skulle seie "bila" slik dei gjer i Trondheim, men "bilen". Bila høyrdest så dumt ut, meinte eg.

Men når eg ikkje bur i Trøndelag, skjønar eg at eg er trønder på min hals. Det oppdaga eg då eg budde i Oslo nokre år i ungdomen. Og det har eg på ny oppdaga etter eg flytta til Ulstein.

Jau då, eg trivst godt på Hareidlandet. Men eg kjenner at eg så absolutt er trønder. For å ta med meg litt av Trøndelag har eg nærast tapetsert eine veggen på kontoret mitt med plakatar frå Trondheim. Heidersplassen har favorittgruppa mi, som diverre har lagt seg sjølve på vaniljeis, Tre Små Kinesere.
Ved sidan av heng ein gamal konsertplakat frå ei anna trondheimsgruppa som òg har løyst seg opp. Nemleg Gåte.
Bortanfor heng der ein plakat frå Trondheim Filmklubb. Og eg har ein liten plakat med eit dikt som eine førelesaren min i Trondheim har skrive.

Medan eg budde i Trondheim kunne eg ikkje fordra Rosenborg. Eg hadde medlemskap i Heia Bortelaget, og heia på alle som RBK spelte mot på Lerkendal.
No som eg bur på Sunnmøre må eg vedgå at det er litt sårt at RBK ligg så langt nede på tabellen. No kan eg til og med bli varm om hjartet når eg høyrer "Vinsjan på kaia" med DDE på radio. For ti år sidan ville eg spydd av mindre.

Samstundes kjenner eg at det er Ulstein som no er heime. Og eg kan bli rørt av å høyre born som syng Ulsteinsongen.
Har eg då ein splitta personlegdom, sidan eg har røter frå ulike stader i landet?
Nei, eg kjenner det meir som eg har fleire bein å stå på.